Norsk Revmatikerforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Revmatikerforbund (NRF) er ein landsomfattende interesseorganisasjon for alle med revmatisme og muskel- og skjelettplager. NRF vart stifta 15. mars 1951 og er ein av dei største interesseorganisasjonane i landet for funksjonshemma, med ca 40 000 medlemmer.

NRF har om lag 300 lokale lag og foreiningar, eigne foreininger og grupper for dei mest utbreidde diagnosane, og fylkeskontor i alle fylke. I tillegg driv NRF barne- og ungdomsarbeid i alle fylke. NRF sin ungdomsorganisasjon heiter BURG (barne- og ungdomsrevmatikergruppe).

NRF sitt arbeid for menneske som har revmatisme og muskel- og skjelettplager omfattar mellom anna interessepolitikk, informasjonsarbeid, bevisstgjering, likemannsarbeid, trening- og mosjonsarbeid, forsking og mykje meir.

Norsk Revmatikerforbund arbeider mot politikarar og andre som tek avgjerder for å:

  • Auke talet på plassar ved dei statlege behandlingsreisene.
  • Auke tilgangen til varmtvassbasseng som held 34 grader.
  • Auke satsinga på forsking, mellom anna for å kunne stille tidleg diagnose.
  • Auke tilgangen til fysioterapi og rehabiliteringsplassar.
  • Auke tilgangen til biologiske medisinar.
  • Redusere kraftig talet på revmatikarar som er sjukmelde og trygda.

NRF har eit eige ferie- og behandlingssenter på Costa Blanca i Spania som heiter Reuma-Sol Senter. Dette senteret har norsktalande personale, er 100 % tilrettelagt for funksjonshemma og har eit stort utval av behandlings- og aktivitetstilbod. Reuma-Sol er eit «non-profit»-foretak. Hensikta er å leggje til rette for at gjestane skal få eit best mogleg opphald til ein fornuftig pris. NRF sine fylkeslag arrangerer gruppeturar til Reuma-Sol, men ein kan også reise åleine, eller saman med familie og vener.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]