Norsk Riksmålsordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norsk Riksmålsordbok

Norsk Riksmålsordbok er eit omfattande ordbokverk over det norske riksmålet, og det einaste komplette litterære ordbokverket på norsk. Det vart først utgjeve av Riksmålsvernet mellom 1937 og 1957 i fire band, og var hovudsakleg basert på dugnadsarbeid. Andre utgåve utkom i 1983 og var eit opptrykk av førsteutgåva. Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur tok over ansvaret for verket i 1981 og gav saman med Kunnskapsforlaget ut to supplementsbind i 1995. Ordboka er òg tilgjengeleg på Kunnskapsforlagets nettstad Ordnett.

Norsk Riksmålsordbok er ei referanseordbok som søker å dokumentere alt norsk språk (tale/dialektar og skrift) som ikkje er spesifikt nynorsk. Mange av oppslagsorda er forsynt med sitat frå norsk presse og norsk litteratur for å dokumentera og eksemplifisere bruken av orda.

Jubileumsutgåva i 2014 – Det Norske Akademis store ordbok (NAOB)[endre | endre wikiteksten]

I 2002 vart Norsk Riksmålsordbok, saman med nynorskverket Norsk Ordbok, utpeikt av Stortinget som «nasjonale ordbokprosjekt», og det vart løyvd pengar til at ei gjennomarbeida utgåve skal koma ut til jubileet i 2014. Den nye utgåva vil ha tittelen Det Norske Akademis store ordbok – Norsk Riksmålsordbok (NAOB). Årsaka til namneskiftet er dels at ordboka no vert utgjeven av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og dels at ein vil understreka at ordboka gjeld alt norsk språk som ikkje er nynorsk. Hovudredaktør for neste utgåve er Tor Guttu og utgjevar er Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur i samarbeid med Kunnskapsforlaget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]