Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reiarlagsflagg
Veteranbåten «Biskop Hvoslef» som var i teneste frå 1933 til 1965
RS «Gjert Wilhelmsen», Fosen-klassa, Egersund Hamn, 2005

Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning (NSSR), oftast kjend som Redningsselskapet, er ein norsk humanitær organisasjon. Han blei stifta av Kristiania Kjøbmandsforening 9. juli 1891. Organisasjonen har som formål å redde liv og berge verdiar på sjøen.

I oktober 2006 kom Øyvind Stene inn som ny generalsekretær i Redningsselskapet. Han kom frå stillinga som direktør i Kystverket, der han hadde vore i 6 år.

Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning har hovudkontoret på Høvik.

Nokre kjende redningsaksjoner[endre | endre wikiteksten]

Redningsskøytene[endre | endre wikiteksten]

Pr. desember 2008 er det bygt i alt 141 redningsskøyter. Colin Archer designa den første klassa med redningsskøyter med segl som einaste framdriftsmiddel. Seinare vidareførte Bjarne Aas tradisjonen samtidig som skøytene fekk motor i tillegg til segl. I dag er alle seglskøytene teke ut av teneste og erstatta av hurtiggående skøyter med skrog i aluminium.

Sjå: Norske redningsskøyter

Plassering[endre | endre wikiteksten]

I dag finst det 26 fast bemanna redningsskøyter langs norskekysten. I tillegg finst 14 sjøredningskorps med friviljuge mannskap strategisk stasjonert frå Oslofjorden opp til Tromsø, men også i innlandet på Mjøsa og Femunden.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]