Norsk Sjømannsforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Sjømannsforbund


Org.nr.938709599
Skipa1910
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://sjomannsforbundet.no (norsk), https://nsu.org (engelsk)

59°54′44″N 10°44′12″E / 59.91222°N 10.73667°E / 59.91222; 10.73667 Norsk Sjømannsforbund (NSF) er eit fagforbund som vart stifta 25. september 1910 under namnet Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Namnet forbundet har i dag er frå 1933. Forbundet organiserer utanriks- og cruiseflåten, ferjene, supplybåtane, fiskeriflåten og innanriksfarten. Forbundet har vel 11 500 medlemmar, der rundt 8500 er yrkesaktive. Det største einskildreialaget er Color Line med over 1400 yrkesaktive medlemmar i NSF. Forbundsleiar er Kurt Inge Angell.[1]

Forbundet vart tilslutta Landsorganisasjonen (LO) alt ved stiftinga i 1910, og vart med i Nordisk Transportarbeidarføderasjon, Den Europeiske Transportarbeidarføderasjonen og Den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen. NSF har hovudkontor saman med Norsk Sjøoffisersforbund, som òg står i LO, og med Det norske maskinistforbund som står i Unio, ein type samarbeid på tvers av hovudorganisasjonar som er uvanleg for fagforbund i Noreg.

Forbundet var truleg einaste norske fagforbund som fekk førebudd realistiske krigskriseplanar etter utbrotet av andre verdskrigen i 1939, og forbundsleiinga i Norsk Sjømannsforbund vart dermed det einaste norske fagforbundsleiinga som klarte å flykte frå den tyske okkupasjonen av Noreg 9. april 1940. Denne kriseplanen vart dermed ein del av innsatsen for å hindre at den norske handelsflåten fall i tyske hender i samband med okkupasjonen.[2] Den norske handelsflåten vart organisert i Nortraship, som då vart verdas største reiarlag, styrt av den norske eksilregjeringa i London.

Sidan Norsk Sjømannsforbund var einaste forbund i LO som hadde ei leiing utanfor det okkuperte Noreg vart dei fleste LO-medlemmar i eksil, inkludert Arbeidarpartiet sine medlemmar av London-regjeringa medlem i Norsk Sjømannsforbund den perioden krigen varte.

Dei fyrste forsøka[endre | endre wikiteksten]

Bergens Stuertforening som vart stifta i 1902 er den eldste organisatoriske eininga som etter kvart gjekk inn Norsk Sjømannsforbund. Bergens Stuertforening var med i Norsk Stuert- og Kokkforbund, som i 1933 gjekk inn i Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Det nye forbundet tok namnet Norsk Sjømannsforbund.

  • 1907 vart Norsk Sjømands Forbund stifta 17. november. Forbundet gjekk i oppløysing i 1913, men nokre få av lokalavdelingane gjekk inn i Norsk Matros- og Fyrbøter-Union.
  • 1908 vart Norsk Sjømannsforbund av Underordnede stiftet, men fell frå kvarandre alt året etter. To av avdelingane overlevde forbundet og vart med og stifta Norsk Matros- og Fyrbøter-Union.
  • 1910 vart det noverande Norsk Sjømannsforbund stifta 25. september under namnet Norsk Matros- og Fyrbøter-Union.
  • 1920 vart Norsk Sjørestaurasjonsforbund stifta ved ei samanslåing av mellom andre Norsk Restaurasjonsforbund (med Bergens Stuertforening) og Norsk Stuert Landsforbund. Forbundet tok i 1929 opp i seg Norges Stuert- og Kokkforening, og rakk så vidt å skifte namn til Norsk Stuert- og Kokkforbund før det gjekk inn i Norsk Sjømannsforbund i 1933.

Forbundsleiarar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nå skal Kurt Inge Angell styre Sjømannsforbundet», frifagbevegelse.no (på norsk bokmål), 29. september 2022, henta 23. november 2022 
  2. Olstad, Finn (2006): Vår skjebne i vår hånd. Norsk Sjømannsforbunds historie bind I, Pax forlag. ISBN 9788253029320. Kapittel 8, ss. 258–263

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]