Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening held til i dette bygget i Uranienborgveien 2 i Oslo saman med Institusjonen Fritt Ord.

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) er ein interesseorganisasjon for forfattarar og omsetjarar av faglitteratur, skipa i april 1978 under namnet Faglitterær forfatterforening. Foreininga fekk sitt noverande namn i 1990, då omsetjarane av faglitteratur, som opphavleg var organiserte i den separate Norsk faglitterær oversetterforening, vart oppteke i foreininga.

Alle som kan dokumentere å vere forfattar eller omsetjar av ei fastsett mengd publisert faglitteratur, kan etter søknad verte medlem av foreininga, som har som føremål å tryggje dei faglege og økonomiske interessene til medlemane. Foreininga representerer medlemane i tingingar med offentlege og private institusjonar om generelle vilkår for utgjeving og bruk av faglitteratur, om vederlagsordningar av ulike slag osb., og er forhandlingspartnar andsynes Den norske forleggerforening og andre som gjev ut arbeid av fagbokforfattarar og -omsetjarar. I dei seinare åra har foreininga særleg hatt merksemda og innsatsen retta mot å tryggje medlemmane sine rettar i ei tid då elektronisk publisering gjer seg stendig sterkare gjeldande.

Foreininga gjer òg mykje for å fremje god faglitteratur og styrke norsk skriftspråk i fagboksamanhang, og arrangerer kurs og seminar for medlemar og andre. Etter initiativ frå foreininga, er det oppretta professorat i faglitteratur (sakprosa) ved universiteta i Oslo og Bergen.

Det faglitterære fond, som deler ut stipend på grunnlag av dei kollektive vederlagsordningane for kopiering og biblioteksutlån av faglitteratur, vert administrert av foreininga. Det er ikkje naudsynt å vere medlem av foreininga for å søkje om stipend frå fondet, då medlemar og ikkje-medlemar vert vurderte etter dei same krava.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]