Norsk folkedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norsk folkedans blir til vanleg delt inn i fire grupper: songdans, turdans, gamaldans og bygdedans. Iblant blir songleikar tekne med som eiga gruppe. Nokre gonger blir songdansen ikkje teken med mellom folkedansane i Noreg, av di han er ein konstruert dans. I seinare år er det også nokre som tar med nye folkelege danseformer som swing og rock.

Songdansen var den vanlege danseforma i mellomalderen, men vart trengt unna av musikkdansen for nokre hundre år sidan. Han kom i bruk att i byrjinga av 1900-talet, då Hulda Garborg starta med songdans. Inspirasjonen til arbeidet henta ho på Færøyane, der dansen hadde levd i ubroten tradisjon frå mellomalderen. Hulda Garborg skapte ein norsk variant. Dansemåten er ikkje berre eit fast grunnsteg, som på Færøyane, men inneheld også ein variasjon i kvart vers — eit såkalla brigde. Desse brigda er ulike frå dans til dans. Seinare var det Klara Semb som stod i brodden for arbeidet med songdansen (og turdansen) i Noreg. I Noreg vert det også dansa ein variant av færøydansen utan brigde, kalla stordans.

Bygdedansen er den eldste danseforma som har levd i ubroten tradisjon i landet vårt. Bygdedansane deler vi gjerne i to hovudgrupper: springarformene (ujamn takt, 3/4 etc.) og gangarformene (jamn takt, 2/4 etc). Av springarformene er springar, pols, springleik og rundom særleg kjent. Av gangarformene er gangar, halling/laus, rull og bonde dei mest kjende. Innan kvar av desse gruppene er det særs mange ulike variantar. I gruppa springar er det til dømes svært mange former, som til dels er særs ulike. I hardingfeleområdet er det gjerne ein eller fleire variantar i kvar «region» (ein fjord, ein dal etc). Døme: hallingspringar, valdresspringar, telespringar, numedalsspringar, sognespringar, sunnmørsspringar, sørfjordspringar etc. Mange stader i landet gjekk bygdedansen heilt av bruk, men dei siste tiåra har han somme stader vorte leita fram att or gløymsla (rekonstruert). Døme: sunnmørsspringar, nordmørspols, romsdalsspringar.

Gamaldansen kom særleg i bruk i andre helvta av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet. Han vart gjerne kalla runddans. Han trengde til side bygdedansen mange stader. Ofte vart musikken til gamaldansen spela på trekkspel, men fele og endåtil hardingfele vart også mykje brukt. Dei vanlege grunnformene er vals, reinlender, polka og masurka, og i tillegg har vi mange avleidde og lokale former og variantar (til dømes hamborgar, springpols, wienerkryss og pariserpolka).

Turdansane er ei stor og mangfaldig gruppe av dansar. Somme dansetypar vart mest brukte på danseskular i byane og på storgardane, og fekk ikkje rot mellom folk flest. Andre vart mykje brukte i visse stròk av landet. Dei eldste vart tekne i bruk på 1700-talet, og utover på 1800-talet. Det er Klara Semb som framom andre har arbeidd med turdansen i Noreg. I mange tiår reiste ho rundt i landet og skreiv opp halvgløymde dansar og lærde dei frå seg att på kurs. Det finst ulike grupper av turdansar. Dei største kallar vi lausleg for rekkjedansar der mange dansar i rekkje eller i firkantoppstillingar. Døme: fandango, fransese, lansier, kvadrilje, figaro, fireturar, seksturar, hopsa. Ei stor gruppe er dei dansane der ein dansar parvis. Døme: pariserpolka, varsovienne, tantoli, tyrolaren, rugen, lottistå. Ei anna gruppe er tre-manns-dansane - det er gjerne rilar. Døme: tretur frå Hordaland, tretur frå Aure, oppdalsril. I nokre turdansar dansar alle i ein stor ring (slik som i songdans). Døme: åttetur i stor ring. Den største gruppa er vel likevel «normale» turdansar der fire, seks eller åtte par dannar ring. Døme: seksmannsril, åttetur med mylne, firetur frå Romerike.

Songleikane er for det meste dansar/leikar som barn har nytta i gata, på løkker og tun. Ein del av desse blir brukt i det organiserte folkedansarbeidet. Det finst også nokre songleikar for vaksne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]