Norsk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk historie dekkjer tida Noreg har hatt menneskeleg busetnad, i minst 11 000 år, sidan eldre steinalder. Arkeologiske funn i Møre og Romsdal er blitt datert til 9 200 f.Kr. og er truleg leivningar frå busetjarar frå Doggerland, eit område som i dag ligg under Nordsjøen, men som ein tid var ei landbru som knytte dagens britiske øyar med danske Jylland. Fosnakulturen folkesette delar av landet ein gong i tida 8300 f.Kr. til 7300 f.Kr. Datering av hellerissingar er sett til yngre steinalder (i Noreg mellom 4000 f.Kr. til 1800 f.Kr.) og viser aktivitetar typisk for jegerar og samlarar. Meir faste og vedvarande busetjingar utvikla seg i bronsealderen (1800 f.Kr. til 500 f.Kr.) og i jernalderen. Dei tidlegaste runene er blitt funne på ein pilspiss som er datert til rundt 200 f.Kr. Mange fleire inskripsjonar er datert til rundt 800, og fleire småkongedøme utvikla seg i desse århundra.

Tida mellom 800 og 1066 bestod av ei betydeleg utviding og blir kalla vikingtida. I løpet av denne perioden reiste nordmenn, slik også svenskar og danskar gjorde det, utanlands i langskip med segl som utforskarar, handelsmenn, busetjarar og som vikingar (herjingsmenn og sjørøvarar). På midten av 1000-talet var det norske kongedømet blitt fast etablert, og bygde sin rett som ætlingar av Harald Hårfagre og deretter som arvtakarar av Heilag-Olav. I tida rundt Håkon Håkonsson, etter borgarkrigstida, var det ein liten renessanse i Noreg med omfattande litterær aktivitet og diplomatisk samband med Europa. Svartedauden kom til Noreg i 1349 og drap rundt halvparten av befolkninga, og heile statsapparatet, og Noreg, gjekk deretter inn i ei nedgangstid som førte til unionstida.

Mellom 1396 og 1536 var Noreg ein del av Kalmarunionen, og frå 1536 og til 1814 var Noreg blitt redusert til ein skatteskyld del av Danmark i personalunionen Danmark-Noreg. Denne unionen gjekk inn i ein allianse med Napoléon Bonaparte med ein krig som medførte dårlege tider og hungersnaud i 1812. I 1814 tapte Danmark-Norge Englandskrigane, ein del av Napoleonskrigane, og den danske kongen blei tvinga til å avstå Noreg til kongen av Sverige i Kielfreden den 14. januar same året. Etter eit forsøk på sjølvstende blei Noreg tvinga inn i ein laus union med Sverige, men der Noreg fekk ha sin eigen konstitusjon, grunnloven av 1814. I denne perioden blomstra norsk romantisk nasjonalkjensle, og ein prøvde skipa norsk nasjonalt eigeverd. Unionen med Sverige blei broten i 1905 etter at det var blitt truga med krig, og Noreg blei eit sjølvstendig rike med eigen monark, Haakon VII.

Noreg heldt seg nøytralt under den første verdskrigen. Ved utbrotet av den andre verdskrigen erklærte landet seg igjen nøytralt, men blei invadert av Nazi-Tyskland den 9. april 1940. Noreg blei medlem av den vestlege forsvarsalliansen NATO i 1949, og har vore ein nær alliert av USA i etterkrigstida. To forsøk på å bli medlem av EU blei nedstemt i folkeavstemmingar med liten margin i 1972 og 1994. Store funn av olje og naturgass i Nordsjøen på slutten av 1960-talet førte til valdsam økonomisk vekst i landet som framleis held seg. Tradisjonelle næringar som fiske er også ein del av norsk økonomi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Norsk historieWikikilden (frie originaltekstar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]