Norsk kaldblodstravar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk kaldblodstravar

Norsk kaldblodstravar er ein hesterase som har opphav i dølahesten. Kaldblodstravaren vert nytta til travlaup.

Raseskildring[endre | endre wikiteksten]

Av farge og avteikn er kaldblodstravaren lik dølahesten, men han er lettare bygd og meir høgstilt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frampå 1800-talet vart det med utgangspunkt i dølahesten alt fram er ein lettare og meir høgbeint type kaldblodshest med gode føresetnader for å tevle i trav. Frå 1937 fekk rasen eiga stambok, og frå 1965 vart det offentleg stambokføring. Norsk kaldblodstravar har i dag delvis sams avlsarbeid med svensk kaldblodstravar.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Norsk kaldblodstravar er ein av dei talmessig største hesterasane i Noreg, og på landsbasis finst meir enn 10 000 individ.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kaldblodstravaren vert i stor grad brukt i travsporten, men nokre vert også brukt som køyre- eller ridehestar til hobbybruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]