Norsk lundehund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk lundehund.

Norsk lundehund er ein spisshund som er utvikla i Noreg. Han vert ofte berre kalla lundehund. Rasen har fått namnet sit fordi han har vore brukt under fangst av lundefugl.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lundefangst med hund har vore drive lenge, i alle fall frå 1600-talet, men truleg mykje lenger. Om hundane ein hadde då var av same type som norsk lundehund veit ein ikkje. Det er og uklart kva slags hundar som vart brukt andre stader, som til dømes på Island.

Den lundehunden vi kjenner i dag stammar frå hundar som levde på Måstad i Værøy i mellomkrigstida. I 1939 tok hundeoppdrettarane Christie på Hamar til å drive avl på denne rasen. Hundane på Værøy vart tilnærma utrydda av kvelpesykje under 2. verdskrigen. Etter det fekk ein tak i nye hundar frå stamma på Hamar. Då hundane på Hamar vart utrydda av same sjukdomen, vart nye hundar henta frå Måstad. Sjukdomen gjorde at det samla talet av hundar var heilt ned i 6 individ. Den svarte og kvite varianten vart burte. Etter at oppattbygginga av stamma vart spreidd over fleire oppdrettarar har ein no ein berekraftig rase. Norsk lundehund er og å finne i fleire land.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Lundehunden er til vanleg brun og kvit. Han har middels langt glatt hårlag med mørk overpels som kan skine i svart. Høgda er 34-38 cm. Hannhundane er markert kraftigare enn tispene.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Lundehunden har seks tær på kvart bein.

Det mest særmerkte med anatomien til lundehunden er dei ekstra tærne. Han har seks tær både på fram- og baklabbane. Dei ekstra tærne har godt utvikla muskulatur og er til god nytte, særleg i steinete terreng.

Lundehunden kan falde saman det ytre øyra, slik at det vert verna mot skit når hunden er inne i lundegangane. I tillegg til at skulderledda gjer at frambeina kan førast rett ut til sides, kan han legge hovudet flatt bakover ryggen.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein har ikkje klart å dressere andre hunderasar til den spesielle lundejakta. Dei måtte kunne take lunden levande og uskadd til jegeren som førte dei. Etter at det vart forbode med slik jakt fungerer lundehunden i dag først og fremst som brukshund og familiehund. Han er ikkje utprega lettdresert, og er ofte avvisande mot framande.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Norsk lundehund vert rekna som ein frisk og sunn rase. Det er ikkje registrert hofteleddysplasi(HD), eller albogeleddsatrose (AD). Ein sjukdom som ikkje sjeldan råkar lundehunden er intestinal lymfangiektasi (IL). Den har vorte kalla lundehundsykje eller lundehundsyndromet sjølv om den ikkje er uvanleg hjå andre hunderasar. Symptom er diare, oppkast og veskesamling i bukhola. Den kan føre til hjartesvikt om hunden ikkje får rett behandling og diett. Årsaka til sjukdomen er uviss, men det ser ut som stress er ei medverkande årsak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske hundeboka. Ulvund tekst & fortag 1992
  • Knut Kolsrud: Lundefangst i NORVEG Folkelivsgransking 19. Norges almenvitenskapelige forskningsråd 1976.
  • Dag Sørli: De gamle fuglefangernes grend. Bodø 1998