Norsk matematisk forening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk matematisk forening er ein samskipnad for norske matematikarar og matematikkinteresserte. Samskipnaden vart stifta den 2. november 1918, og Carl Størmer vart vald som den første formannen til samskipnaden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den utløysande årsaka til stiftinga av samskipnaden var truleg at Poul Heegaard - ein av hovudpersonane i dei første åra - vart tilsett som professor. I starten av 1900-talet hadde det matematiske miljøet i Noreg vakse seg sterkt, og dermed var det òg oppstått eit behov for ein samlande organisasjon. Gjennom blant anna reformer i skuleverket hadde matematikkfaget spesielt og realfaga generelt fått ein sterkare posisjon enn tidlegare.

Den viktigaste oppgåva for samskipnaden var i starten å halde kontakten mellom dei ulike matematiske miljøa i Noreg, særleg konsentrert rundt universitetsmiljøa, den tekniske høgskulen i Trondheim og Noregs Geografiske Oppmåling (det tidlegare namnet på Statens Kartverk).

Formennene til samskipnaden[endre | endre wikiteksten]

Sidan starten i 1918 har samskipnaden hatt følgjande formenn:

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Normat[endre | endre wikiteksten]

Heilt frå starten vart det vedteke at samskipnaden skulle utgje eit matematisk tidsskrift, og i 1919 kom det første nummeret av Norsk matematisk tidsskrift (Normat). I det første nummeret var det blant anna minneartiklar over Ludvig Sylow og Elling Holst. Hovudmåla for tidsskriftet var at det skulle tilby interessant lesnad for alle matematikkinteresserte i Noreg, og det skulle gje høve for unge norske matematikarar til å publisere arbeida sine.

Abelkonkurransen[endre | endre wikiteksten]

Då Norsk matematisk forening vart stifta var det allereie frå starten eit mål om å opprette ein årleg matematikkonkurranse. Den første konkurransen vart arrangert i 1921, og han vart arrangert kvart år fram til starten av 1970-åra. På grunn av låg deltaking døydde konkurransen bort, og han vart gjenoppstarta i 1981 som ein konkurranse for elevar i vidaregåande skule, i samarbeid mellom samskipnaden og Aftenposten.

I 1985 vart konkurranseforma endra til ein massekonkurranse slik vi kjenner han i dag. Kvar skule arrangerer ei prøve på 100 minutt, og dei ca. 20 beste blir samla til ein finale. Dei seks beste i finalen blir invitert til den internasjonalen matematikkolympiaden. Frå 1994 har det vorte arrangert to rundar på skulane før den nasjonale finalen. Dette har ein gjort for å få ei betre utveljing til finalen, og for at dei aller beste skulle testast med nokre vanskelegare oppgåver. Denne forma er no rekna som permanent.

Abelsymposia[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 2004 har Norsk matematisk forening administrert dei såkalla Abelsymposia. Etter vedtak i Niels Henrik Abel sitt minnefond skal desse symposia haldast ein eller to gonger kvart år. Tema kan veljast frå rein eller praktisk matematikk, og ein kan òg velje tema som har historisk eller pedagogisk tyding. Det faglege nivået på Abelsymposia skal vere særs høgt, og dei skal tene til å byggje kontakt mellom fagmiljøa i Noreg og internasjonalt. Abelstyret har formulert følgjande formål for Abelsymposiene:

Abelsymposia har som formål å fremje forsking i matematiske fag og styrkja den internasjonale posisjonen til norsk matematikk. Abelsymposia skal òg profilere Abelprisen, spesielt i tilhøve til det internasjonale matematikksamfunnet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]