Norsk skilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skilling, Kong Hans (1483-1513), sølv. Advers til venstre. Revers til høgre

Skilling, frå lågtysk eller gammalengelsk, truleg diminutiv av skold, er ei mynteining som vart innført i Noreg tidleg på 1500-talet under kong Hans I. Kongen prega skillingsmynt m.a. i Bergen, medan erkebiskopen prega skillingsmynt i Nidaros. Skillingen vart symbolisert med teiknet ß.

På 1500-talet gjekk det tolv penningar på ein skilling. Frå 1628 var skillingen den minste eininga i den norske myntrekkja. Han vart utmynta i nominal frå 1/2 til 48 skilling. Frå 1635 gjekk det 96 slike skillingar på ein riksdalar.

Skilling vart gjerne forkorta med teiknet ß.

Riksbankskilling[endre | endre wikiteksten]

Frå 1813-1816 gjekk det 96 riksbankskilling på ein riksbankdalar.

Skilling species[endre | endre wikiteksten]

1 skilling, frå 1816. Kopar. Advers til venstre. Revers til høgre

Frå 1816 gjekk det 120 skilling species på ein spesidalar. Denne skillingen var i bruk i Noreg til han vart avløyst krone- og øremynt, formelt frå 1875 , då slik at 1 krone = 30 skilling.

Lenkjer:[endre | endre wikiteksten]

  • Skilling utmynta av kong Hans I i Bergen rundt 1510: [1]
  • Skilling utmynta av erkebiskop Erik Valkendorf i Nidaros 1510-1522: [2]
  • 1/2-skillingsmynt utmynta i Kongsberg av kong Karl III Johan, 1841: [3]