Norsk teiknspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norsk teiknspråk
Andre namn: Norsk tegnspråk
Klassifisering: Teiknspråk
Bruk
Tala i: Noreg
Norsk teiknspråktalande i alt: 16 500
Språkkodar
ISO 639-2: sgn-NO
ISO 639-3: nsl

Norsk teiknspråk er eit teiknspråk som primært blir brukt av norske døve. Språket har utvikla seg spontant i kommunikasjonen mellom døve menneske i Noreg har kommunisert med kvarandre. Norsk teiknspråk har mange fellestrekk med dansk teiknspråk. Teiknspråket på Madagaskar er ikkje så ulikt teiknspråket i Noreg, fordi det var norske misjonærar som først tok opp arbeid blant døve og høyrselshemma på Madagaskar.[1]

Norsk teiknspråk er eit eige språk med sin eigen grammatikk og setningsoppbygging. For døve og mange tunghøyrde med norsk teiknspråk som morsmål, er teiknspråk ein del av identiteten. Norsk teiknspråk kan dessutan vere førstespråket til høyrande barn av døve foreldre.

Norsk teiknspråk har ikkje noka form for skriftspråk.[2]

Noregs Døveforbund reknar med at det er om lag 5000 døve. I tillegg til desse reknar dei med at om lag 10 000 personar som sjølve er høyrande, bruker teiknspråk i kommunikasjon med døve familiemedlemmer eller omgangsvenner; vidare bruker 1 500 fagfolk teiknspråk i yrkesutøvinga si. Med 16 500 teiknspråkbrukarar er norsk teiknspråk eit stort minoritetsspråk i Noreg. [3] Dei som har teiknspråk som morsmål i snever meining, er derimot få. I staden bruker ein heller den meir generelle termen førstespråk om det teiknspråket døve barn av høyrande foreldre tileignar seg.[4]

Teiknspråk er ikkje formelt vedtatt som «offisielt språk» i Noreg, men norsk teiknspråk er mellom anna omfatta av føresegner i opplæringslova som gjev rett til opplæring i og på teiknspråk for elevar som har dette som førstespråk. Folketrygdlova gir dei som ikkje kan kommunisera på talespråk, rett til gratis teiknspråktolk slik at dei kan fungere i dagleglivet, i utdanning og arbeid og i samband med polikliniske helsetenester. Slik har språket likevel ei form for offisiell status. Det vert arbeidd med å gi språket høgare offisiell status.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]