Norske Kunstforeninger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norske Kunstforeninger er ein paraplyorganisasjon for dei allmenne kunstforeiningane og kunstlaga i Noreg. 170 kunstforeiningar og kunstlag er medlemmer i organisasjonen (2014)[1].

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen vart for første gong stifta som Norske Kunstforeningers Landsforbund i 1934. 16 kunstforeiningar var medlemmer frå starten av, og hovudmålet til landsforbundet var å sende utstillingar ut på vandring. Forbundet sende mellom anna ei utstilling med grafikk av Munch på turné. Grunna dårleg økonomi vart landsforbundet oppløyst i 1949.

Etter fleire initiativ utover på 1970-talet for å få etablert eit landsomfattande samarbeidsorgan, vart Norske Kunstforeningers Landsforbund oppretta igjen i 1978.

I åra sidan 1978 har Norske Kunstforeninger nesten dobla medlemstalet sitt, til 176 i 2012. Frå å ha starta med frivillig innsats dei første åra, har Norske Kunstforeninger i dag ein administrasjon med fleire tilsette.

Oppgåver og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Formålet til Norske Kunstforeninger er å arbeide for at flest mogleg får tilgang til profesjonell kunst. Norske Kunstforeninger skal ivareta interessene medlemmene gjennom tilrettelegging for kunstformidling, og arbeide for best mogleg rammevilkår for kunstforeiningane/kunstlaga.

Medlemslaga kan søkje Norske Kunstforeninger om økonomisk stønad til prosjekt, transport av kunst og utstyr til utstillingslokala. Norske Kunstforeninger arrangerer kurs og seminar, og tilbyr vandreutstillingar. Organisasjonen gjev ut medlemsbladet KUNST PLUSS tre gonger i året. Norske Kunstforeninger deler årleg ut Norske Kunstforeningers debutantpris i samband med Høstutstillingen[2].

Administrasjonen held til i Oslo, og har fem tilsette. Organisasjonen mottek statleg driftsstønad gjennom Norsk kulturråd.

Medlemsblad[endre | endre wikiteksten]

KUNST PLUSS er medlemsbladet som vert gjeve ut av Norske Kunstforeninger. Kunsttidsskriftet kjem ut tre gonger per år, i eit opplag på 2 500.

Medlemslag[endre | endre wikiteksten]

Dei første kunstforeiningane i Noreg vart stifta på 1830-talet, etter inspirasjon frå dei tyske kunstforeiningane. Christiania Kunstforening vart etablert i 1836 og Bergens Kunstforening i 1838. I vedtektene for dei første norske kunstforeiningane stod det at dei hadde som formål å vekkje kjærleik for biletkunst, og arbeide for å fremje norsk kunst. Medlemmene betalte kontingent, arrangerte utstillingar og medlemslotteri. Kunstforeiningane var opne for alle som ynskte medlemskap.

Kunstforeiningane er framleis medlemsorganisasjonar, og dei fleste er basert på frivillig drift. Om lag 20 kunstforeiningar har tilsett personale, og driv som profesjonelle visingsarenaer.

Medlemslaga til Norske Kunstforeningers har samla ca 32 000 medlemmer. Rundt 600 000 publikummarar besøkjer dei vel 1000 utstillingane årleg, og det vert omsett kunst for om lag 44 millionar kroner[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. februar 2013, henta 30. november 2012 
  2. Statens Kunstutstilling, Høstutstillingen: http://www.hostutstillingen.no/kunstpriser-2012/ Arkivert 2013-03-07 ved Wayback Machine.
  3. Medlemsundersøking frå 2011, utført av Perduco Kultur http://www.norskekunstforeninger.no/pop.cfm?FuseAction=Doc&pAction=View&pDocumentId=30536[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]