Norske Samers Riksforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sametingsgruppa til Norske Samers Riksforbund i perioden 2005-2009.
Foto: Norske Samers Riksfobund

Norske Samers Riksforbund (fork. NSR, sam. Norgga Sámiid Riikkasearvi) er den største samiske organisasjonen i Noreg. Organisasjonen stiller vallister ved Sametingsval og har lenge samarbeidd med Samefolkets parti og Samepolitisk Råd i Senterpartiet politisk.

NSR blei stifta 30. november 1968, men historia til organisjonen går lengre tilbake. Den første sameforeininga på norsk sida blei stifta allereie i 1906, to år etter Elsa Laulas mananda appell frå 1904 og den første foreininga på svensk sida. NSR blei grunnlagd som eit samband av dei lokale sameforeiningane i Finnmark og Oslo Sámiid Searvi. NSR stod sentralt i kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget. Dei tre første presidentane til det norske Sametinget, Ole Henrik Magga, Sven-Roald Nystø og Aili Keskitalo, har komme frå NSR. Leiar av Norske Samers Riksforbund er Aili Keskitalo frå Kautokeino. NSR har sitt hovudsekretariat i Guovdageaidnu/Kautokeino, der Thomas Nygård er sekretariatsleiar.

Liste over leiarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.