Norske Skog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norske Skog (OSE: NSG) er den nest største produsenten av magasin- og avispapir i verda. Selskapet har hovudkontor på Lysaker i Noreg og fabrikkar i 15 land over heile verda. Konsernsjef er Christian Rynning-Tønnesen (2007).

Norske Skog vart etablert i 1962 som Nordenfjelske Treforedling, og den fyrste avispapirfabrikken vart sett i drift på Skogn i Nord-Trøndelag i 1966. I 1970- og 80-åra voks selskapet til å bli det største innanfor norsk treforedling. I 1990-åra ekspanderte selskapet vidare utover i Europa gjennom bygging eller kjøp av fabrikkar i Noreg, Frankrike, Austerrike og Den tsjekkiske republikken. Frå 2000 vart selskapet ein global aktør med verksemd i Asia, Sør-Amerika og Australasia òg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Norske Skog