Norske dialektar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norske dialektar er målføre som høyrer inn under norsk. Ein kjenner til ulike dialektar i Noreg frå yngre norrøn tid (ca. 1050–ca. 1350), og dei ulike dialektane følgjer ofte tradisjonelle administrative grenser. Det finst ulike inndelingar av dialektane. Det er vanleg å skilja mellom aust- og vestnorske dialektar. I tillegg kan ein skilja ut nordnorsk og i nokre høve trøndersk som eigne grupper.[1]

Norsk skil seg ut frå grannespråka svensk og dansk og mange andre språk i og med at det ikkje finst noko normert talemål. Det finst ikkje nokon standard for korrekt talemål, og dei fleste nyttar sine eigne dialektar. Sjå likevel standard austnorsk under.

Hovudinndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei fire hovudgruppene av norske dialektar: ██ Nordnorsk██ Trøndersk ██ Vestnorsk ██ Austnorsk

I norsk målføregransking har det vore nytta ulike inndelingar av dei norske dialektane, av di det har vore ulike syn på kva for målmerke som skal leggjast til grunn. Ivar Aasen delte målføra inn i tre «Rækker»:

Av seinare og òg moderne målgranskarar er det anten ei to- eller firdeling av dei norske dialektane som er rådande.

Målmerke[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste målmerka er apokope, jamvektslova, «tjukk l», talemusikken, samandraging av trykklette stavingar, palatalisering av velarar i innlyd og einskilde bøyingsformer. I austnorske målføre har ein fått kløyving av endingane etter jamvektslova, såkalla kløyvd infinitiv. Austlandsk har -e i infinitiv av overvektsord og -a av jamvektsord, medan trøndsk har apokope av overvektsord og -a av jamvektsord. Vestlandske målføre har anten -a eller -e i infinitiv, men aldri kløyvt infinitiv. Nordnorsk har stort sett apokope, det vil seie inga ending i infinitiv. Nokre målføre på Helgeland har klare austnorske trekk som kløyvd infinitiv (ranværing) og tjukk l.

Etter jamvektslova går grensa mellom austnorsk og vestnorsk frå Langesundsfjorden, gjennom det sørvestlege Telemark, følgjer Langfjella og tek ut til kysten mellom Romsdal og Nordmøre. Området for tjukk l er ikkje heilt samanfallande, di nokre bygder i Vest-Telemark ikkje har tjukk l, medan Romsdal og Helgeland har tjukk l.

Austnorsk[endre | endre wikiteksten]

Målgreiner av norske dialektar

Dei austnorske målføra på Austlandet vert delt i to målgreiner: austlandsk og midlandsmål.

Austlandsk[endre | endre wikiteksten]

Austlandsk vert tala på flatbygdene på Austlandet, Søraust-Telemark og i Østerdalen; det vert difor òg stundom kalla flatbygdmål — særleg i samanhengar der ein samanliknar det med midlandsmål.[2] Austlandmåla vert delte i fire undergreiner:

Midlandsmål[endre | endre wikiteksten]

Midlandsmål vert tala i dei vestlege fjelldalane på Austlandet, frå Gudbrandsdalen til Telemark, og vert difor òg kalla fjellbygdmål. Midlandsmåla vert delte i tre undergreiner:

Trøndsk[endre | endre wikiteksten]

Trøndske målføre, eller trønder, vert rekna til austnorsk og omfattar dialektane som vert tala på Nordmøre, i Trøndelag, BindalenHelgeland og Frostviken (lengst nordvest i Jämtland). Trøndersk er jamvektsmål, men skil seg frå austlandske mål ved at overvektsorda får apokope i staden for reduksjonsvokalen -e. Ein skil mellom indre og ytre mål, òg kan måla i Namdalen verte nemnde som ei eiga undergrein.

Uttrøndsk[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege eller ytre målføra femner måla langs kysten, og ein skil mellom tre undergreiner:

Inntrøndsk[endre | endre wikiteksten]

Dei austlege eller indre måla femner dei indre bygdene frå Oppdal, Kvikne og Røros i sør, Orkdalen i aust, til Lierne i nord. Ein skil mellom tre undergreiner:

Vestnorsk[endre | endre wikiteksten]

Dei vestnorske målføra syner større variasjon når det gjeld den bundne artikkelen. På Sør-Vestlandet finn ein -o/å, (til dømes bygdå og huså), lenger nord finn ein -i (Indre Sogn), og enno lengre nord finn ein -a. Over heile det vestlandske målområdet dominerer forma e(g) som personleg pronomen, men sunnmørsk har ej og romsdalsk har i for 'eg'. Langs kysten frå Sørlandet til Stavanger finn ein konsonantane: b, d og g for p, t og k mellom vokalar eller i slutten av ord, (t.d. bog og håb for bok og håp). Dei siste hundre åra har såkalla skarre-r spreitt seg frå Bergen, Stavanger og Ullensvang til store delar av den sørlege delen av Vestlandet. Bergen bymål skil seg ut ved at det ikkje skil mellom hankjønn og hokjønn, t.d. øyen, jenten. Vestnorsk vert delt i tre målgreiner: sørlandsk, sørvestlandsk og nordvestlandsk.

Sørlandsk[endre | endre wikiteksten]

Sørlandsk eller sørleg e-mål vert tala i nokre bygder sørvest i Telemark, i heile Aust-Agder, og langs kysten i Vest-Agder om lag til Lindesnes. Det er i dette området stor skilnad på målet i ytre og indre strok, særleg i Setesdalen der mange alderdommelege drag framleis er bevarte i målet, t.d. fjødd for fjell. Dei indre måla har mykje sams med midlandsk, medan dei ytre har felles drag båe med austlandsk og sørvestlandsk. Sørlandsk vert delt i to eller tre undergreiner, anten om Setesdalsk høyrer til Indre sørlandsk eller vert rekna som ei eiga grein:

Sørvestlandsk[endre | endre wikiteksten]

Sørvestlandsk eller a-mål vert tala i det meste av Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, og i Indre Sogn. Nemninga a-mål tyder at trykklett -a i gamal utlyd (open staving) held seg. Dei indre målføra har fleire sams, ofte arkaiske drag. Sørvestlandsk femner eit stort geografisk område som vert delt i ei rekkje undergreiner:

Nordvestlandsk[endre | endre wikiteksten]

Nordvestlandsk eller nordleg e-mål vert tala i Ytre Sogn, Fjordane, på Sunnmøre og i Romsdal, og vert delt i fem undergreiner:

Nordnorsk[endre | endre wikiteksten]

Til dei nordnorske målføra reknast måla i dei nordlegaste fylka Nordland, Troms og Finnmark, unnateke noko av Bindal som har trøndersk og målet hjå innflyttarane i Indre Troms (Bardu og Målselv) som har mål frå nordlege Østerdalen. Nordnorske målføre har stort sett -a som bunden artikkel i eintal av sterke og linne hokjønnsord, men -o/å førekjem òg i linne hokjønnsord på Helgeland og i Salten. Ulike variantar av e(g) er nytta i båe desse områda. Fylkesgrensene er ikkje viktige målmerke innanfor dei nordnorske målføra.

Inndeling av dei nordnorske målføra er eit problem, då det knapt er eit einaste konkret målmerke som er utbreidd over heile Nord-Noreg, utan at det òg finst andre stader i landet. Sjølv om det er mykje meir som skil enn som samlar i nordnorske mål, er det så godt som uråd å dele dei inn i klårt skilde dialektområde. Det er sjeldan at fleire målmerke har same utbreiing, og det er vanskeleg å finne eit målmerke som gjer klåre avgrensingar utan å kome i konflikt med andre målmerke.

Nokre nyttar ei todeling av dei nordnorske målføra: sørleg som femner måla i Nordland og nordleg om måla Troms og Finnmark. Det har likevel vore vanleg å dele dei nordnorske målføra i tre eller fire målgreiner, då er dei nordlege måla anten rekna til ei eller to målgreiner.

Helgelandsmål[endre | endre wikiteksten]

Helgelandsmåla femner om målføra frå (nordre) Bindalen i sør til Saltfjellet i nord (Rana og Meløy). Dei har eit typisk austnorsk målmerke i "tjukk l", og nokre dialektar på indre Nord-Helgeland har òg kløyvd infinitiv. Andre dialektar har sørvestlandske målmerke som trykklett -a (eller -æ) i ubundne hokjønnsord og i infinitiv. Sør- og midthelgelandsmål skil òg mellom linne og sterke hokjønnsord. Dei vert delt i tre undergreiner:

Nordlandsmål[endre | endre wikiteksten]

Nordlandsmåli femner om målføra frå Saltfjellet i sør om lag til grensa mot Troms i nord. Innanfor desse måla finn ein hovudområdet for den nordnorske apokopen. Dei vert delt i to undergreiner:

Nordleg nordnorsk[endre | endre wikiteksten]

Nordleg nordnorsk femner måla i Troms og Finnmark, med eit viktig målmerke i infinitivsendinga -e. Linne hokjønnsord i ubestemt eintal endar på -a i mykje av Troms og på kysten av Finnmark, ein talar såleis om nordnorske e/a-mål og nordnorske e-mål. Målet i Troms har mindre apokope enn i Nordland, og finst berre i ord med tre eller fleire stavingar. Dei vert delt i fylgjande to undergreiner, samt innvandrarmålet i Indre Troms:

Andre målmerke[endre | endre wikiteksten]

Somme målmerke går på tvers av denne inndelinga. Det gjeld framfor alt palatalisering. Palatalisering er utbreidd over det nordlege Austlandet (Oppland og Hedmark), det nordlege Vestlandet (Nordfjord og Møre og Romsdal), Trøndelag og Nord-Noreg (unnateke Aust-Finnmark).

Relativt mange målføre har mange restar av grammatiske kategoriar som er gått or skriftspråket, til dømes kasusbøying av substantiv og numerus- og modusbøying av verb.

Det kan òg argumenterast for at alle dei nordiske språka (norsk, dansk og svensk) er eitt språk. Det sterkaste argumentet for dette er at det ikkje er nokre skarpe grenser mellom dei. Målføra langs dei politiske grensene går gradvis over i einannan, og heile det nordiske språkområdet med unnatak av samisk og finsk er eitt dialektkontinuum.

Bymål[endre | endre wikiteksten]

Bymål vert av mange målføregranskarar oppfatta som blandingsmål som ikkje skulle takast med når ein ville finna fram til den ekte dialekten på staden, til forskjell frå dei måla som hadde vakse naturleg fram frå norrønt mål. Eit vanleg fenomen i bymåla er klassedelte mål eller sosiolektar, typisk med eit folkeleg «gatespråk» og eit «danna talemål» for høgare sosiale lag. Det folkelege målet har oftast mykje sams med kringliggjande bygdemål, medan det danna målet er meir normert mot skriftspråket (i dei fleste høve riksmål/bokmål). Eit uvanleg døme er bergensk bymål, der òg gatespråket skil seg markant frå strilamålet på bygdene i Midt- og Nordhordland.

Standard austnorsk talemål[endre | endre wikiteksten]

Standard austnorsk talemål syner til dialekt- og sosiolektkontinuumet på det sentrale Austlandet, med sentrum i Oslo. Det vert av mange rekna som eit de facto standard talemål for bokmål. Det finst ingen klår definisjon på standard austnorsk, slik at det er uklårt kvar grensene for dette talemålet går.[3]

Lydopptak av dialektar[endre | endre wikiteksten]

Aust-Agder[endre | endre wikiteksten]

Vest-Agder[endre | endre wikiteksten]

Rogaland[endre | endre wikiteksten]

Hordaland[endre | endre wikiteksten]

Sogn og Fjordane[endre | endre wikiteksten]

Indre og Ytre Sogn[endre | endre wikiteksten]

Sunnfjord[endre | endre wikiteksten]

Nordfjord[endre | endre wikiteksten]

Møre og Romsdal[endre | endre wikiteksten]

Oppland[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «norsk – dialekter», Store Norske Leksikon, 24.04.2012, http://snl.no/norsk/dialekter 
  2. Sjå for eksempel Venås, Kjell: «Buskerud – språk» i snl.no
  3. «Standardtalemålet — fins det?» Artikkel av Svein Lie i Språklig Samling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]