Norskerenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordsjøen med Norskerenna. Djupnekurve for kvar 200. meter

Norskerenna (engelsk: Norwegian trench dansk: Norskerenden) er ei havbotnrenne som går langs sørkysten av Noreg. Renna går frå Stadlandet i Sogn og Fjordane i nordvest til Oslofjorden i søraust. Renna er mellom 50 og 95 kilometer vid og opp til 700 meter djup. Utanfor kysten av Rogaland er djupna 250 - 300 meter. Utanfor Arendal er renna på sitt djupaste, med 700 meter. Her er renna ein avgrunn samanlikna med den gjennomsnittlege djupna av Nordsjøen, kring 100 meter.

Norskerenna vart danna av Skagerrakbreen, som var ein isbre langs norskekysten under den nest siste istida, som enda for 130 000 år sidan.[1]

Svake jordskjelv finn stad langs renna.

Norskerenna har vorte sett på som eit hinder for ilandføring av petroleum frå norsk kontinentalsokkel. På 1980-talet hadde ein utvikla teknologi for legging av røyrleidningar på djupt vatn. Transportsystemet Statpipe, sett i drift i 1985, var den første røyrleidningen som kryssa Norskerenna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skagerrakbreen. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/Skagerrakbreen.