North Rona

Koordinatar: 59°07′N 5°49′W / 59.12°N 5.82°W / 59.12; -5.82
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
North Rona
Lokalt namn Rònaigh
Geografi
North Rona is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°07′N 5°49′W / 59.12°N 5.82°W / 59.12; -5.82
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,09 km²

Høgaste punkt Tobha Rònaigh (108 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Rona (skotsk-gælisk Rònaigh) er ei isolert øy nordvest for Skottland. Rona vert ofte kalla North Rona for å skilja ho frå South Rona i Indre Hebridane. Ho har eit areal på 109 hektar og det høgaste punktet på øya ligg 108 meter over havet.[1]

Grotte på North Rona
Ronay Island.

Øya ligg 71 km nord-nordaust for Butt of Lewis og 18 km aust for Sula Sgeir. Ho er meir isolert enn St Kilda og er den mest fjerntliggjande øya i Dei britiske øyane som nokon gong har vore permanent busett. Ho er òg den øya som ligg nærast Færøyane. Sidan ho ligg så langt til havs og er så pass lita, vert ho ofte ikkje teikna inn på kart over Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rona skal ha vore bustaden til St. Ronan på 700-talet. Øya var busett fram til heile folkesetnaden på 30 døydde kort tid etter 1685, då øya vart plaga med rotter, truleg arten svartrotte, etter eit skipsforlis på øya. Rottene øydela kornlagra på øya og det er mogeleg at innbyggjarane svalt i hel, men pest kan òg ha vore ei medverkande årsak. Rottene svalt etter kvart òg i hel, sidan dei kraftige dønningane på øya hindra dei i å jakta langs svaberga.[2]

Øya vart folkesett på ny, men vart igjen avfolka rundt 1695 etter ei slags båtulukke. Etter dette budde nokre gjetarar og familiane deira på øya fram til 1844, då ho vart folketom igjen. Sir James Matheson, som kjøpte Lewis i 1844, tilbaud regjeringa øya for at dei kunne plassera kriminelle der. Tilbodet vart avslege.

Bøndene på Lewis har nytta Rona som beiteområde for sauene sine sidan den gong, men ho har ikkje vorte busett på ny, bortsett frå ein kort periode i 1884–85. I juni 1884 kom to menn frå Lewis, Malcolm MacDonald og Murdo Mackay, til øya. Dei kom i strid med den lokale kyrkja og reiste til Rona for å sjå etter sauene der. I august same året fekk dei tilbod om å verta med eit skip heimatt, men avslo. I april året etter vart dei funne omkomne på øya etter at dei hadde vorte sjuke i løpet av vinteren.

Keltiske ruinar av kapellet til St. Ronan står framleis på øya. Ho er i dag ått av Scottish Natural Heritage og styrt som eit naturreservat. Øya er ein viktig ynglestad for gråsel og hekkande sjøfuglkoloniar. Av fuglar her finn ein havsvale og den større stormsvala. Rona og Sula Sgeir er dei mest fjerntliggjande nasjonale naturreservata i Storbritannia.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. Fraser Darling & Boyd (1969) s. 73-74.
  3. Scottish Natural Heritage - In the Lap of Wild Ocean Arkivert 2010-01-13 ved Wayback Machine..
  • Denne artikkelen bygger på «North Rona» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Boyd, John Morton (1986) Fraser Darling's Islands. Edinburgh University Press. ISBN 0-85224-514-9
    • Fraser Darling, F. & Boyd, J.M. (1969) Natural History in the Highlands and Islands. London. Bloomsbury.
    • Gleaves, Albert (1921). A History of the Transport Service: Adventures and Experiences of United States Transports and Cruisers in the World War. New York: George H. Doran Company. OCLC 976757. http://books.google.com/books?id=_7lDrNswDnoC.
    • Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]