North Shore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
North Shore City (oransje). Det mørkare orange viser byområdet, innanfor stor-Auckland (grått)

North Shore City (uformelt berre North Shore eller The Shore) i New Zealand er ein av fire tidlegare byar i Auckland. I 2005 hadde byen 212 200 innbyggjarar, det vil seie at det var den fjerde største byen i New Zealand. Den administrative eininga vart oppretta i 1989. I 2010 vart North Shore slått saman med dei andre byområda i Auckland til Auckland Council.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

North Shore grensar til Rodney District i nord, Waitemata Harbour i sør og Rangitoto Channel ved Hauraki Gulf i aust. Brua Auckland Harbour Bridge knyt det til Auckland City på sørsida av Waitemata Harbour, mens Upper Harbour Bridge knyt det til Waitakere i vest.

Transport[endre | endre wikiteksten]

North Shore er knytt til sentrum av stor-Auckland-området med berre to bruer, og dermed sterkt plaga av kø i rushtida. Det har vore mykje diskusjon rundt dette problemet, men lite handling, grunna kostnadene med å lage fleire samband over Waitemata Harbour.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 36°48′S 174°45′E