North Uist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
North Uist
Lokalt namn: Uibhist a Tuath 
Strand nær Sollas på North Uist
Strand nær Sollas på North Uist
Geografi
North Uist is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°36′0″ N 7°19′59″ WKoordinatar: 57°36′0″ N 7°19′59″ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 303,05 km²
Høgaste punkt Eaval (347 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Lochmaddy
Demografi
Folketal 1 217 (2001)
Folketettleik 4,0 /km²

North Uist (skotsk-gælisk Uibhist a Tuath, norrønt Nordra Ívist) er ei øy i øygruppa Hebridane i Skottland, sentralt i dei dei vestlegaste øyane. Administrativt ligg ho regionen Ytre Hebridane (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Siar).

Ho har eit areal på 303 km²[1] og er med det den niande største øya i Skottland. Ho er berre litt større enn South Uist. North Uist har vegsamband med øya Benbecula via Grimsay, til Berneray og til Baleshare. Med unntak av søraustsida er øya flat, dekt med torvmyrer, låge åsar og små innsjøar. Nokre av desse sjøane har ei blanding av ferskvatn og salt sjøvatn, som gjev grunnlag for komplekse og uvanlege biologiske habitat.

I 2001 hadde øya 1 217 innbyggjarar, eller 1 320 om ein tar med tidvassøya Baleshare.[2]

Den største busetnaden på øya er Lochmaddy. Andre landsbyer er Sollas, Hosta, Tigharry, Hougharry, Paible, Grimsay og Cladach Kirkibost.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: North Uist

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543. 
  2. Number of residents og households in all inhabited islands (engelsk). General Register Office for Scotland. Vitja 27. februar 2010.