North York Moors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
North York Moors
Nasjonalpark
none
Land Flag of England.svg England
Grevskap North Yorkshire
Høgaste punkt Urra Moor
 - høgd 454 moh
Areal 1 436 km²
Styre North York Moors National Park Authority
Nettstad: http://www.northyorkmoors.org.uk/

North York Moors (òg kalla North Yorkshire Moors) er ein nasjonalpark, oppretta 1952, i det nordlege England. Han er 1436 km² stor, og har eit av dei største heiområda med lyngvekst i Storbritannia. 80 % av området er i privat eige, og 40 % er dyrka mark. På tre sider er det avgrensa av bratte klipper, medan det på austsida når den bratte Yorkshirekysten.

Nasjonalparken er særleg populær blant fotturistar, med eit nettverk av omkring 2300 km stiar som er opne for allmenn ferdsel. Det meste av området elles er òg ope under Countryside and Rights of Way Act 2000. Blant dei mest populære turvegane er Cleveland Way som går rundt heiene og har ei strekning langs kysten, og Lyke Wake Walk, som går rett gjennom hjartet av heiene.

Det er òg høve for sykling, både tur- og terreng-, og riding. Dei bratte klippene i utkanten av parken er populære for hanggliding.

Det er få større busetjingar innanfor parken. Byen Whitby, med nærare 14 000 innbyggjarar, reknast som hovudstaden «til området». Han er forbunde med Middlesbrough via jarnbane gjennom Esk Valley. Denne linja er ved Grosmont forbunde med North Yorkshire Moors Railway, ein av dei mest populære og pittoreske verna jarnbanane i Storbritannia.

Heiene har ikkje endra seg mykje sidan parken vart opna, og blir ofte brukt som bakgrunnsmiljø for britiske filmar og TV-seriar. Den mest kjende er ITV-serien Med hjartet på rette staden. I filmane om Harry Pottar vart North Yorkshire Moors Railway brukt i fleire scener.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: North York Moors

Koordinatar: 54°23′N 0°45′W