Northern Illinois University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altgeld Hall, NIU's første bygning.
Cole Hall morgenen etter skyteepisoden 14.februar 2008.

Northern Illinois University er eit delstatseigd universitet i De Kalb i delstaten Illinois i USA. Det vart oppretta i 1895 som satellitt-campus under Illinois State Normal School (dagens Illinois State University). Det er i dag eit sjølvstendig universitet og nest størst i delstaten, etter University of Illinois.

Sidan 1921 gav lærestaden bacheloreksamen i lærarutdanningen, og mastereksamen frå 1951. Fire år seinare vart fagkrinsen og eksamensretten utvida utover lærarutdanning, og 1957 fekk lærestaden namn og status som eit liberal arts-universitet.

Den 14. februar 2008 fann det stad ein skyteepisode ved NIU der sju vart drepne og atten såra av den tidlegare studenten Steven Kazmierczak.

Ved universitetet var det 25 313 studentar og 1 193 vitskapleg tilsette i 2006, og same året var skulepengane US$ 7 125 for studentar folkeregistrert i delstaten. Studiane blir gjeve opp til doktorgradsnivå.

NIU Business School rangerast særs høgt nasjonalt, og det same gjer lærarutdanninga og forskinga innan dette fagfeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]