Norwich

Koordinatar: 52°37′42″N 1°17′48″E / 52.62833°N 1.29667°E / 52.62833; 1.29667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norwich
City of Norwich

Norwich City Market
Norwich City Market
Norwich City Market
Byvåpenet til Norwich
Byvåpenet til Norwich
Byvåpenet til Norwich


Plassering
Norwich is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Norfolk
Geografi
Flatevidd
 - By

39,02 km²
Koordinatar 52°37′42″N 1°17′48″E / 52.62833°N 1.29667°E / 52.62833; 1.29667
Diverse annan informasjon
Postnummer NR1–NR16
Telefon-retningsnummer 01603
Nettstad: www.norwich.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Norwich

Norwich (/ˈnɒɹɪdʒ/) er ein by i East Anglia i Aust-England. Byen er administrasjonsbyen i grevskapet Norfolk, og utgjer eit eige distrikt.

Forstadene i Norwich strekkjer seg utanfor bygrensene, og ein finn store forstader både i vest, nord og aust for Norwich, medrekna tettstaden Thorpe St Andrew på austsida. Byen har 129 500 innbyggjarar og er den fjerde tettaste folkesette byen innanfor Aust-England med 3 319 innbyggjarar per kvadratkilometer. Elva Wensum renn frå vest til aust gjennom byen og deler Norwich opp i to, ein sørleg og ein nordleg del.

Norwich var ein viktig by på 1000-talet, og flamsk tilflytting gjorde han til eit sentrum for ullvaretilverking på 1300-talet. Under andre verdskrigen leid Norwich skade under tyske bombeåtak.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Romarane la hovudstaden i Storbritannia til Venta Icenorum 3,5 km sør for Norwich rett ved landsbyen Caistor St. Edmund.

Eldre engelsk tid og erobringa til normannarane[endre | endre wikiteksten]

Det finst to foreslegne modellar til korleis Norwich utvikla seg. Det er mogleg at tre fråskilde angelsaksiske busetjingar, ein nordafor elva Wensum og to på kvar si side sør for elva, slo seg saman sidan dei voks seg større. Den andre modellen er at ein ny angelsaksisk busetjing nordafor elva dukka opp på midten av 600-talet etter at dei tre andre var vorte forlatne. Den eldgamle byen var eit blomstrande midtpunkt for både bytehandel og andre typar handelsverksemd i East Anglia til 1004, då byen vart plyndra og brunne av vikingen Svein Tjugeskjegg. Handelsmyntar og potteskar frå Rhinland som kan daterast tilbake til 700-talet indikerer at handel over lengre avstandar skjedde lengje før dette. Mellom 924 og 939 vart Norwich etablert som ein by på grunn av det faktumet at byen hadde sin eigen mynt. Ordet Norvic dukkar opp på myntar rundt om i Europa som vart laga i denne perioden under Kong Adalstein. Vikingane hadde sterk innverknad i Norwich i 40-50 år til slutten på det 800-talet, og dei laga eit angelsaksisk-skandinavisk område mot den nordlege enden av den noverande King Street.

Norwich-katedralen

I 1066normannarane erobra England, var Norwich ein av dei største byane. Domesday Book har det nedskrive at Norwich hadde omtrent 25 kyrkjer og ein folkesetnad på mellom 5000 og 1000 innbyggjarar. I han stod det òg om plasseringa til ei angelsaksisk kyrkje i Tombland, der den angelsaksiske marknadsplassen låg, og no seinare Norwich-katedralen. Norwich fortsette å vere eit hovudsenter for handel sidan Wensum var ei passande eksportrute ut til sjøen. Kvernsteinar og andre gjenstandar frå Skandinavia og Rhinland er funne under utgravingar i sentrum av Norwich som daterer tilbake til det 1000-talet og framover.

Norwich Castle vart bygd på 1070-talet, vart den angelsaksiske området til busetjinga sør for Wensum meir eller mindre øydelagt på grunn av slottsbygginga. Normannarane laga i staden for ei ny busetjing rundt slottet og området vestanfor. Dette vart kjent som «The new borough» (Den nye byen) eller «The French borough» (den franske byen) som sentrerte seg rundt torgplassen til normannarane, låg der det noverande kjøpmannstorget ligg i byen (Provision Market).

I 1096 byrja Herbert av Losinga, biskopen av Thetford, bygginga av Norwich-katedralen. Hovudmaterialet til konstruksjonen var kalkstein importert frå Caen i Normandie. For å transportere byggesteinen til plassen der katedralen skulle byggjast, grov munkar ein kanal frå elva, der Pulls Ferry ligg i dag, og heile vegen opp til austveggen på katedralen. Herbert de Losinga flytta bispesetet sitt dit, og Norwich-katedralen vart domkyrkje for Norwich bispedømme. Biskopen av Norwich underskiver enno med Norvic.

Mellomalder[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1300-talet var dei om lag 4 km lange bymurane i Norwich ferdigbygd. Desse gjekk langs elva og gjerda inn eit større område enn heile City of London. Ei ulempe ved dette vart at med eitt veggane var bygd, vart det ulovleg å byggje utanfor dei, noko som hemma utvidinga av byen.

I 1144 vart jødane i Norwich skulda for ritualmord etter at ein gut (Vilhelm av Norwich) vart funnen død med fleire stikksår. Denne hendinga vart grunnlaget for ein kult, og William oppnådde martyrstatus. Etter kvart vart William òg heilagkåra. St. William-kulten trekte til seg store mengder pilegrimar, noko som gjorde den lokale kyrkja rikare. Den 6. februar 1190 vart alle jødane i Norwich massakrerte, unntatt eit fåtal som søkte tilflukt i slottet.

Rikdomen som finansierte bygginga av mange vene kyrkjer, kom frå ullhandel opp gjennom mellomalderen. Norwich har enno fleire mellomalderkyrkjer enn nokon annan by i Vest-Europa nord for Alpane. Gjennom denne perioden skapte Norwich handelssamband med store delar av Europa der marknaden strekte seg frå Skandinavia i nord til Spania i sør. Rundt denne tida vart byen eit «county corporate» (noko som tilsvarar den noverande sameinte styresmakta) og vart hovudstad for ein av dei tettaste folkesette velståande grevskapa i England.

Den store immigrasjonen i 1567 førte med seg eit vesentleg vallonsk vevarsamfunn til Norwich. Norwich har vore heim til fleire ulike minoritetar, blant anna for dei franske hugenottane og dei belgiske vallonske samfunna på 1500-talet og 1600-talet. Desse immigrantane var i lokalsamfunnet kjende som Strangers (framande). Kjøpmannshuset som no er eit museum, var den tidlegaste tilhaldsstaden deira i byen, og han er enno kjend som Stranger's Hall (Hallen til dei framande). Det virkar slik at the Strangers var integrert i lokalsamfunnet utan nokre store problem frå begge sider, kanskje minst hos forretningsfolket som hadde mest å tene på dugleiken deira. Då the Strangers kom til Norwich, auka handelen med fastlands-Europa, noko som la til rette for religiøse reformer og radikal politikk i byen. Under denne perioden var Norwich den nest største byen i landet, berre London var større.

Den engelske borgarkrigen til viktoriansk tid[endre | endre wikiteksten]

Dei austlege grevskapa i England var djupt parlamentarisk, og Norwich følgde etter. Dette skapte noko ubehag til visse høgtståande menneske, særleg borgarmeisteren i Norwich som var rojalist, og biskopen Joseph Hall på grunn av posisjonen hans.

Norwich-kanarifuglen vart først innført i England av flamske flyktningar som flykta frå spanjolar som forfølgde dei på 1500-talet. Dei førte ikkje berre med seg vidarekomne teknikkar innanfor tekstilproduksjon, men òg kjæledyra sine, kanarifuglane, som dei byrja å avle opp lokalt. Kanarifuglen har vorte eit emblem på fotballaga til byen, Norwich City F.C., og laget blir på folkemunne kalla The Canaries (Kanarifuglane).

I 1797 grunnla Thomas Bignold, ein 36 år gammal vinhandlar og bankmann, det første Norwich Union Society. Nokre år tidlegare, då han flytta frå Kent til Norwich, fann ikkje Bignold nokre som kunne forsikre han mot faren for landevegsrøvarar. Med den nyskapande ideane om at inkje var umogleg, og klår over at innbyggjarar i ein by av trebygningar, som Norwich, var svært redd for brann, danna Bignold Norwich Union Society for the Insirance of Houses, Stock and Merchandise from Fire. Dette nye føretaket vart kjent som Norwich Union Fore Insurance Office, og vart seinare det største forsikringsselskapet i landet.

Fram til den industrielle revolusjonen var Norwich hovudbyen i det mest folkesette og velståande grevskapet i England, Norfolk, og kappast med Bristol som den nest største byen i England.

Norwich låg ganske isolert til i England, så fram til 1845, då eit jarnbanesamband vart laga, var det ofte raskare å reise med båt til Amsterdam enn til London. Jarnbana vart innført i Norwich av Samuel Morton Peto, han som òg bygde banen til Great Yarmouth.

Frå 1808 til 1814 styrte Norwich ein optisk telegrafstasjon som knytte marineministeriet i London til skipa i hamnebyen Great Yarmouth.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

På starten av 1900-talet hadde Norwich framleis fleire store føretak som laga varer. Blant desse vart sying av sko (til dømes Start-rite-merket), klede, snikkararbeid, bygningsingeniørar, samt flydesign og -produksjon. Viktige bedriftseigarar var Boulton & Paul, flyprodusentar, Barnands (oppfinnarar av maskiner som produserte ståltrådnetting), og elektroingeniørane Laurence Scott & Electromotors.

Norwich har òg hatt ein lang tradisjon med sjokoladeproduksjon, hovudsakleg gjennom det lokale firmaet Caley's. Firmaet byrja som produsent av mineralvatn, og seinare endra dei produksjonen til sjokolade og knallbongbongar. Caley's vart oppkjøpt av Mackintosh rundt 1930. Det fusjonerte med Rowntree's i 1969, og vart Rowntree-Mackintosh før det igjen vart oppkjøpt av Nestlé. Då vart fabrikken i Norwich nedlagt og flytta til York, noko som avslutta ei 120 år gammal tilknyting til Norwich. Området der fabrikken låg er no Chapelfield-senteret. Caley's-sjokoladen har sidan kome attende som merke, og er framleis produsert i Norwich.

Her Majesty's Stationery Office (HMSO), ein gong styresmakta for den britiske regjeringa med ansvar for all publikasjon av dokument og liknande i Storbritannia, flytta det meste av drifta frå London til Norwich på 1970-talet.

Jarrolds, etablert i 1810, var ein velkjend trykkjar og forleggjar. Jarrolds er òg eit varemagasin i Norwich.

Norwich leid omfattande bombeåtak under andre verdskrigen, noko som råka store delar av sentrum av gamlebyen og viktorianske hus rundt sentrum. Industri og tog-infrastruktur vart òg skadd. Dei største skadane skjedde nettene 27.-28. og 29.-30. april 1942. Bygningar som tok stor skade av åtaka var Morgan's Brewery-bygningen, Colman's Wincarnis-bryggeriet, bystasjonen, Mackintosh sjokoladefabrikk og shoppingdisktikt som St. Stephen's Street, St. Benedict's Street, tomta til Bonds varemagasin og Curls varemagasin (no Debenhams).

Samfunns- og lokalstyredepartementet i Storbritannia la fram eit forslag i 2007 om at Norwich skulle bli ei sameint styresmakt, separert frå bystyret i Norfolk.[1] Det vart ikkje vedteke sidan byen ikkje oppfylte dei strenge krava.[2]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Torget i Norwich, Norwich Market, før restaurering
Norwich Market etter restaurering
Norwich Rådhus

Næringslivet i Norwich var før hovudsakleg industri og skoproduksjon. Dette endra seg i åtti- og nittiåra til sørvisbasert næringsliv. Norwich Union, ein Aviva-føretak, dominerer enno tertiærnæringa, men har òg vorte følgt opp av andre forsikring- og finansselskap.

Nye utbyggingar på den tidlegare Boulton and Paul-tomta omfattar underhaldningskomplekset Riverside med nattklubbar og dei største klubbane i Storbritannia. Ved sida av Riverside ligg det nyoppgraderte fotballstadionet, og vidare ved sida av elva Wensum finn vi eigedomsutviklarar.

Archant, tidlegare kjent som Eastern Counties Newspapers (ECN) er eit nasjonalt avisforlag som voks ut av Norwichs lokalavis, Norwich Evening News og regionsavisa Eastern Daily Press (EDP).

Norwich har lengje vorte assosiert med sennepsproduksjon. Det verdskjende merket Colman's, med den gule innpakninga, vart grunnlagt i 1814 og blir no betent frå fabrikken i Carrow. Colman's blir eksportert over heile verda gjennom moderselskapet Unilever (Unilever UK Export), og set Norwich på kartet over tradisjonelle britiske selskap. Ein kan òg finne Colman's gåvebutikk i sentrum av Norwich, og butikken sel all slags Colman's-produkt.

Handel[endre | endre wikiteksten]

Norwich var den åttande mest ynskte reisemålet for shopping i Storbritannia i 2006.[3] Det gamle torget i byen, Norwich Market, vart laga av normannarane mellom 1071 og 1074. Torget er i dag den største seksdagars friluftsmarknaden i England. Marknaden vart i mars 2006 oppussa og forminska, og dei nye torgbuene har vorte omstridde. Med 20 % mindre golvplass, høgare leiger og andre kostnadar, og ein utilstrekkeleg regnvasshandtering, har dei vorte upopulære både hos mange torghandlarar og kundar. Lokalavisa Norwich Evening News karakteriserer Norwich Market som ein pågåande konflikt mellom torghandlarane og Norwich bystyre som styrer torget.[4]

The Mall Norwich (Castle Mall fram til 2007) er eit kjøpesenter opna i 1993, og vart designa av det lokalet arkitektfirmaet Lambert, Scott & Innes. Kjøpesentret viser ei smart byggeløysing som opptek minst mogleg plass i den historiske byen ved å la bygningen i stort sett vere skjult under jorda og innbygd i ei åsside. Kjøpesentret har ein offentleg park på taket på området sør for Norwich Castle.

Kjøpesentret Chapelfield vart bygd på plassen der sjokoladefabrikken Caleys (seinare Rowntree Mackintosh og Nestlé) ein gong stod. Chapelfield vart opna i september 2005. Kjøpesentret har vorte kritisert for å vere unødig og øydeleggjande for det lokale næringslivet sidan at det har tvinga småhandlarar og detaljistar å samle seg saman for å promotere småhandel for folket. Trass i dette vart det i august 2006 lagt fram ei undersøking av Javelin Group at Norwich var éin av dei fire mest ynskte reisemåla for detaljinnkjøp i Storbritannia,[5] og i oktober same år vart det gjennom ei avstemming gjennomført av Goldfish Credit Card stemt fram at Norwich var den beste shoppingbyen i landet.[6]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Earlham Hall, jusbygget ved University of East Anglia

Universitetet i East Anglia (UEA) i utkanten av Norwich er eit av dei såkalla glasplateuniversiteta som vart grunnlagt i 1963 som følgje av Robbins Report. UEA vidareførte mottoet til byen Do different,[7] og universitetet er særleg kjent for linja for kreative skriving (forfattarstudie). Skulen vart etablert av Malcolm Bradbury og Angus Wilson, og skulen har blant anna lært opp Kazuo Ishiguro og Ian McEwan. Kunstmuseet Sainsbury Centre for Visual Art si held til på universitetsområdet. Byen har òg eit kunstfakultet, Norwich School of Art & Designar, som ligg i bykjernen. I tillegg vart Norfolk and Norwich University Hospital opna i 2001 i Colney rett sør for Norwich.

Norwich Theatre Royal har lege på det noverande området sitt for over 250 år. Teateret har 1300 sete og set opp ei blanding av musikalar, dans, drama, familieframsyningar, stand-up-komikk, opera og pop.

Kvart år feirast kunstfestivalen Norfolk and Norwich Festival, noko som lokkar mange vitjande frå heile Aust-England. Norwich Twenty Group, grunnlagt i 1944, viser fram kunstutstillingar frå sine eigne medlemmar for å bevisstgjere moderne kunst.

The Forum vart designa av blant andre Michael Hopkins og opna i 2002. Bygningen er ei erstatning for Norwich Central Library som brann ned i 1994, og han vart laga for å huse Millennium Library og dei regionale hovudkvartera og fjernsynssenteret for BBC East. The Forum er ein samlestad for kunstutstillingar konsertar og attraksjonar, sjølv om byen enno manglar eit tileigna konserthus.

The Forum huser blant anna Millennium Library og BBCs Eastern England News Rooms.

Millennium Library inneheld 2d Air Division Memorial Library, ei samling av gjenstandar om amerikansk kultur og tilhøvet til USA til East Anglia, særleg rolla United States Air Force spelt på britiske luftbaser gjennom andre verdskrigar og den kalde krigen. Ein stor del av samlinga vart tapt i brannen i 1994, men samlinga har vorte gjenoppretta ved hjelp av bidrag frå mange krigsveteranar, både europeiske og amerikanske.

I det siste her det vore forsøk på å fjerne inntrykket mange har av Norwich som ein stilleståande by. Norwich City Council har marknadsført byen som ein populær turistdestinasjon, og likt som eit sentrum for forsking, handel, kultur og kunst. Med dette vart Norwich Castle Museum sanert og The Forum opna. Det vart òg foreslått eit nytt slagord for Norwich, England's other City,[8] og dette har medført mykje diskusjon og kontrovers. Det gjenstår enno å sjå om det blir vedteke. Fleire skilt inn imot byen viser enno det tradisjonelle slagordet Norwich - a fine city.

Media[endre | endre wikiteksten]

Den satiriske komikaren Steve Coogan avgjorde at den skrytande karakteren hans «Alan Partridge» skulle vere busett i Norfolk, der han var radiovert for før-frukostprogrammet på den oppdikta uavhengige radiostasjonen «Radio Norwich». Coogan drog nytte av ryktet til fylket om å vere noko avskilt frå moderne trenden, forbi sine stordomsdagar og meir eller mindre litt i ytterkanten av eit normalt engelsk liv. Sidan då har Radio Norwich slutta å vere ein oppdikta radiokanal - den nye kanalen 99.9 Radio Norwich byrja kringkastinga i 2006, sjølv om, ikkje overraskande, Up With The Partridge ikkje var med på sendelista.

Andre komikarar som har latterleggjort denne oppfatninga av Norwich er Allan Smethurst med The Singing Postman og The Kippe Family, seinare representert av «sonen» Sid Kipper, sjølv om desse generelt er assosiert med Norfolk og ikkje berre byen. Seinare har òg The Nimmo Twins gjort narr av Norwich.

Norwich har fleire sjølvstendige radiostasjonar som sender program i byen, blant anna Radio Broadland (tidlegare Broadland 102), Classic Gold Amber, BBC Radio Norfolk og University of East Anglias Livewire 1350.

Det er òg ein blomstrande lokalradiokanal som i august 2007 vart den nyaste sjølvstendige kringkastaren i Norwich. Kanalen heitte Future Radio og sende på 96,9 FM.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Englands U21-lag på Carrow Road.

Det største fotballaget i Norwich er utan tvil Norwich City F.C., òg kjent som The Canaries. Laget har heimestadionet sitt på Carrow Road og det er blant andre eigd av TV-kokken Delia Smith og mannen Michael Wynn-Jones. Norwich City har ein sterk, aust-engelsk erkerival Ipswich Town F.C. Laget må ikkje blandast med Norwich United F.C. som spelar kampane sine på Plantation Park i Blofield omtrent åtte kilometer austom byen.

Norwich North Stars (2008)

Norwich har òg eit idrettslag kalla City of Norwich AC (CoNAC), ein rugbyklubb kalla Norwich Lions og fem landhockeylag, University of East Anglia Hockey Club], Norwich City Hockey Club, Norwich Union Hockey Club, Norfolk Nomads Hockey Club og Norwich Exiles.

Norfolk Ski Club ligg utanfor bygrensene ved Whitlingham Lane i Trowse, og den har omtrent 4000 medlemmer.[9]. Like ved Whitlingham ligg Whitlingham Nasjonalpark. The Great Broad høyrer til Whitlingham Outdoor Education Centre.[10] Byen har òg mange idrettslag som tilhøyrer University of East Anglia.

Byen har òg sitt eige ishockeylag, Norwich North Stars. Klubben er samansett av nybyrjarar og halvproffar, og han vart starta i november 2006 av målvakten Nicholas Simones.[11]

Speedway var populært i Norwich både før og etter andre verdskrigen på The Firs Stadium i Holt Road. Norwich Stars var med i Northern League i 1946 og National League Division Two frå 1947 til 1951 (vinnarar i 1951). Dei rykte opp til National League Division One i 1952 og var ein av dei beste fram til stadionet vart lagt ned på slutten av 1964-sesongen.[12]

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Angel of Light, skulptur i Chapelfield.

Norwich blir iblant skildra i det britiske media som ein by som er vidt ulik, usofistikert, klossete og ein som ikkje følgjer med på kva som skjer i resten av landet (sjå Alan Partridge). Dette er kanskje først og fremst på grunn av den geografiske plasseringa til Norwich der han er isolert frå andre storbyer, og at ein tenkjer på Norwich som eit samandrag av Norfolk, som er eit fylke med svært mykje jordbruk. Likevel var Norwich den nest største byen i England etter London i fleire hundreår før industrialiseringa, som kom seint til Norwich grunna isolasjonen.

Norwich har ei lang historie med radikal politikk, og er på ingen måte ein konservativ by. Innanfor Norwich City Council tevlar Green Party, Labour Party, Liberaldemokratane og Concervative Party om å ha flest av dei 39 plassane i byrådet.

I november 2006 vart Norwich røysta fram som den grønaste i Storbritannia.[13]

I folketeljinga i 2001 svarte 27,8 % i Norwich at dei ikkje var religiøse, den høgaste prosentdelen i England.[14]

Ein stor del av innbyggjarane i Norwich brukar Internett ofte. Ein artikkel har indikert at Norwich samanlikna med andre byar i Storbritannia, er på topp av lista for dei som brukar den populære auksjonsnettstaden eBay.[15] Byen har òg sidan juli 2006 det største trådlause nettverket i Storbritannia.[16]

I august 2007 vart Norwich silt ut som ein av ni finalistar innanfor si innbyggjartalsgruppe for International Awards for Liveable Communities.[17] Byen vann til slutt sølv i småbykategorien.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Norwich ligg rett ved hovudvegen A47 (passarar sør for byen) som knyter saman Great Yarmouth i aust og King's Lynn og Peterborough i vest. Norwich blir forbunde til Cambridge via A11 som fører til motorvegen M11 til London og M25. Han fører til Ipswich i sør gjennom A140 til Lowestoft i søraust via A146. Norwich er den byen som har flest innbyggjarar som ikkje er knytt til nokon annan by av ein uavbroten tofelts motorveg.

I 2005 hadde Norwich det største tilbodet for innfartsparkering i Storbritannia. Han blir driven av Norwich kommune, og bussane køyrer frå seks spesialbygde parkeringsplassar inn mot Norwich busstajon. Bussane brukar ulike fargekoder:

  • Norwich internasjonale lufthamn (ved A140) nordover gjennom Aylsham Road; gule bussar.
  • Sprowston (ved A1151) nordaustover gjennom Wroxham Road; lilla bussar.
  • Postwick (ved A47) austover gjennom Thorpe Road; raude bussar.
  • Harford (ved A140) sørover gjennom Ipswich Road; blå bussar.
  • Thickthorn (ved A11) sørvestover gjennom Newmarket Road; rosa bussar.
  • Costessey (ved A47) vestover gjennom Dereham Road; grøne bussar.

Til saman er det bygd nesten 5000 parkeringsplassar, og i 2006 brukte 3,4 millionar passasjerar tilbodet.

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Norwich jernbanestasjon
Norwich bussentral

Jernbanelinjene frå Norwich til resten av landet går til Liverpool Street stasjon og Petersborough. Interne spor går til Great Yarmouth, Lowestoft, og Sheringham og Cambridge. Tidlegare hadde byen tre jernbanestasjonar med eigne spor som gjekk til tettstader ikkje såg langt frå, men no er all verksemda flytta til Norwich jernbanestasjon, tidlegare kjend som Norwich Thorpe jernbanestasjon.

Dei tidlegare stasjonane Norwich City jernbanestasjon og Norwich Victoria jernbanestasjon er no nedlagt.

Buss og rutebil[endre | endre wikiteksten]

Norwich har fleire busselskap som konkurrerer om passasjerane. Det største selskapet er First Eastern Counties. Frå Norwich går det òg busser til Peterborough, Lowestoft og Thetford. I tillegg har rutebusselskapet National Express ti busser om dagen til London Stansted lufthamn, fire til London, og éin kvar dag til Birmingham. Dei fleste bussane og rutebilar går frå Norwich bussentral i Surrey Street.

Luftfart[endre | endre wikiteksten]

Norwich internasjonale lufthamn nyttar Manchester - og Schiphol lufthamn som mellomlandingsstasjonar,[18] og derifrå kan ei ferd til omtrent 650 reisemål rundt om i verda. FlyBe, Air Southwest, Eastern Airways og Bristol Helicopters brukar alle Norwich, i tillegg til ein sterk charterturisme. Flyhamna var opphavleg flyplassen til det tidlegare Royal Air Force Horsham St. Faith. Ein av dei tidlegare RAF-hangarane var ein gong heimebasen til Air UK som fisjonerte frå Air Anglia, og deretter gjekk inn i det nederlandske flyselskapet KLM.

Sykkel[endre | endre wikiteksten]

Den første ruta i National Cycle Network går gjennom Norwich; han kjem frå Dover i sør til Shetlandsøyane i nord, og landsbyane før og etter Norwich er Beccles og Fakenham. Byen har òg fleire lokale sykkelvegar.[19]

Vasstransport[endre | endre wikiteksten]

Ein kan segle opp elva Yare frå sjøen ved Great Yarmouth og heile vegen opp til Trowse sør for byen. Derifrå er Wensum seglbar inn til Norwich, og han blir kryssa av Novi Sad Friendship Bridge. Det finst organiserte båtturar gjennom byen og ut til nasjonalparken The Broads.[20]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Norwich-katedralen
Elm Hill
Cow Tower

Norwich er eit populært reisemål i Storbritannia særleg på grunn av alle dei historiske bygningane som er verna. Blant dei store attraksjonane er Norwich-katedralen, brusteinsgatene og musea om det gamle Norwich, Norwich Castle, Cow Tower, Dragon Hall og The Forum. Byen er òg ein av dei største shoppingbyane i Storbritannia, og har ei blanding av kjedebutikkar og uavhengige forretningar i tillegg til eit av dei største friluftsmarknadane i England. Byen er no rangert som den 377. største byen i Europa.[21]

I oktober kvart år vert matfestivalen The Bidwells Norwich & Norfolk Food Festival arrangert. I tillegg til at festivalen trekkjer mange turistar, fremjar han òg matkultur frå Norfolk og omland.

Kjende personar assosiert med Norwich[endre | endre wikiteksten]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Norwich har særs mykje historisk arkitektur. Mellomalderen blir representert av Norwich-katedralen frå 1000-talet, Norwich Castle frå 1100-talet (no eit museum), og fleire soknekyrkjer. Under mellomalderen var det 57 kyrkjer innanfor bymuren, og av desse er det enno 31 igjen.[22] Dei fleste mellomalderbygningane ligg i sentrum. Frå 1700-talet bygde den framifrå byggjaren Thomas Ivory Assembly Rooms (1776), Octagon Chapel (1756), St. Hela's House (1752) der Great Hospital no ligg, og nokre nyskapande bustader i Surrey Street (1761). Ivory må ikkje forvekslast med han irske arkitekten med det same namnet og frå same periode.

På 1800-talet ekspanderte Norwich raskt i storleik, og mykje av bustadene og forretningsbygga i sentrum kjem frå denne perioden. Den lokale arkitekten George Skipper (1856-1948) var viktig for blant anna viktoriansk arkitektur; nokre av dei store arbeida hans som står i dag er hovudkontoret til Norwich Union i Surrey Street, Art Nouveau Royal Arcade, og Hotel of Paris ved sjøsida i Cromer. Han nygotiske romersk-katolske katedralen St John the Baptist Cathedral på Earlham Road vart bygd frå 1882 til 1910, og vart teikna av George Gilbert Scott Junior og broren John Oldrid Scott.

Byen fortsette å vekse gjennom 1900-talet, og mange bustader, særleg i områda litt lengre frå byen kan daterast herfrå. Den første kjende bygningen etter Tida til skipper var rådhuset av CH James og SR Pierce, opna i 1938. Bombinga under han andre verdskrig øydela mange bustadhus i sentrum, men resulterte i relativt få tap av liv. Mykje av gjenoppbygginga etter krigen vart teikna av myndighetsarkitekten David Percival. Likevel vart den store utbygginga etter krigen, frå eit arkitektonisk synspunkt, opninga av Universitetet i East Angila i 1964. Han vart opphavleg designa av Denys Lasdun, men teikningane hans vart aldri heilt fullført, og etter fleire tiår har dei store namna vore Norman Foster og Rick Mather.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Offisielle:

Uoffisiell:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ilt/pages/City_council__unitary_council__the_business_casne.html Norwich dei offisielle heimesidene til bystyre[daud lenkje]
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. august 2007, henta 9. juli 2011 
  3. CACI web site Arkivert 2012-02-25 ved Wayback Machine. - CACI Retail Footprint, 2006
  4. Norwich Evening News nettside - Market is hit by new cash blow
  5. Jenkinson, Caroline (19. august 2006). «New centre sees city climb shops league». Norwich Evening News. Henta 9. juli 2011. 
  6. Chessum, Dominic (13. oktober 2006). «Norwich is top of the shops». Norwich Evening News. Arkivert frå originalen 29. september 2007. Henta 9. juli 2011. 
  7. UEA - ei kort historie
  8. Norwich City Council: Norwich - England's other City, arkivert frå originalen 20. desember 2006, henta 9. juli 2011 
  9. Om Norfolk Ski Club, arkivert frå originalen 11. mai 2008, henta 9. juli 2011 
  10. Whitlingham Outdoor Education Centre
  11. «Norwich Ice Hockey». Henta 9. juli 2011. 
  12. Norwich Speedway
  13. Norwich Evening News 24 - Norwich voted greenest place in UK. Besøkt 14. november 2006
  14. «Census 2001 - Ranking (Ethnicity and Religion: No religion)». Henta 9. juli 2011. 
  15. eBay.co.uk - Norwich is eBay capital of UK. Besøkt 23. april 2006
  16. Oates, John (2. august 2006). «Norwich turns on UK's largest Wi-Fi network». theregister.co.uk. Henta 9. juli 2011. 
  17. LivCom Awards[daud lenkje]
  18. Norwich International Airport - Internasjonale flygingar
  19. Eit kart over vegane er tilgjengeleg her Arkivert 2006-11-21 ved Wayback Machine.
  20. City Boats
  21. Mongabay.com Largest Cities in Europe
  22. «Old Norwich - Churches». Historical Norwich. Henta 9. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]