Noss

Koordinatar: 60°09′N 1°01′W / 60.150°N 1.017°W / 60.150; -1.017
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noss
The Noup, hekkeplass for tusenvis av sjøfuglar. (Foto:Anne Burgess)
The Noup, hekkeplass for tusenvis av sjøfuglar.
(Foto:Anne Burgess)
Geografi
Noss is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°09′N 1°01′W / 60.150°N 1.017°W / 60.150; -1.017
Øygruppe Shetlandsøyane

Areal 3,43 km²

Høgaste punkt The Noup (181 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane

Demografi
Folketal 0

Noss, eller Isle of Noss, er ei lita øy i Shetlandsøyane i Skottland. Ho er skild frå Bressay av det smale Nossundet (engelsk: Noss Sound). Noss har vore naturreservat sidan 1955 og tener òg som sauebeite. I sesongen driv naturreservatforvaltarane ei båtrute mellom Bressay og Noss.

I 1851 budde det 20 personar på Noss, men sidan 1939 har det ikkje vore fastbuande på øya.

Den viktigaste busetnaden på øya låg ved landingsplassen Gungstie vest på øya. Gungstie vart bygd opp i 1670-åra og vert i dag nytta av naturreservatforvaltarane som er på øya om sommaren. Ein annan busetnad heitte Setter og låg søraust på øya. Setter var busett til 1870-åra og ligg i dag unytta og forfallen.

På Noss er det eit senter for folk som vitjar øya. Andre stader å vitje på øya er Pony Pund som er bygd for å avle fram Shetlandsponniar, øya Holm of Noss og klippa Noup.

Sandsteinsklippene på Noss har erodert slik at dei har fått hyller som er som laga for reirplassar for havsule, lundefugl, lomvi, toppskarv, krykkje, alke, havhest og storjo. Oter vert ofte sett rundt øya.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Noss» henta frå Wikipedia på engelsk 13. mai 2007.