Not Fade Away
| Not Fade Away Singel av The Crickets frå albumet The "Chirping" Crickets |
||
| A-side | Oh, Boy! | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 27. oktober 1957 | |
| Innspelt | 27. mai 1957 i Clovis i New Mexico | |
| Sjanger | Rock and roll | |
| Lengd | 2:21 | |
| Selskap | Brunswick single 55035 | |
| Låtskrivar(ar) | Charles Hardin, Norman Petty | |
| Produsent | Norman Petty | |
«Not Fade Away» er ein song av Buddy Holly og Norman Petty som først vart spelt inn av The Crickets, bandet til Holly, i Clovis i New Mexico i mai 1957. Rytmen til songen er eit klassisk døme på Bo Diddley-rytmen. Songen vart opphavleg gjeve ut som B-sida til «Oh, Boy!» og seinare på albumet The «Chirping» Crickets. Det var òg den siste songen Buddy Holly spelte kvelden før han omkom i ein flystyrt.
Musikkmagasinet Rolling Stone hadde songen på 107. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Innhaldsliste |
The Rolling Stones [endre]
| «Not Fade Away» Singel av The Rolling Stones frå albumet The Rolling Stones: England’s Newest Hitmakers |
||
| B-side | «Little by Little» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 21. februar 1964 | |
| Sjanger | Rock and Roll | |
| Lengd | 1:48 | |
| Selskap | Decca F11845 London 45-LON 9657 (USA) |
|
| Låtskrivar(ar) | Norman Petty, Charles Hardin | |
| Produsent | Andrew Loog Oldham | |
| The Rolling Stones-kronologi | ||
| «I Wanna Be Your Man» (1963) |
«Not Fade Away» | «It’s All Over Now» (1964) |
I 1964 spelte The Rolling Stones inn ei utgåve av «Not Fade Away», som la stor vekt på Bo Diddley-rytmen, og han vart ein stor hit i heimlandet. Songen var og den første av bandet som vart gjeven ut i USA.
Han vart spelt inn seint i januar 1964 og kom ut 21. februar 1964 med «Little by Little» som B-side. Songen klarte å nå tredjeplass på den britiske singellista, som den første songen deira på Topp 5.[1] I USA nådde singelen 48. plass, her med songen «Stoned» som B-side.[2] Songen var ikkje med på den britiske utgåva av debutalbumet deira, The Rolling Stones, men var opningsspor på den amerikanske utgåva, som hadde tittelen England’s Newest Hitmakers. Songen vart mykje spelt på konsertar dei første åra til the Stones, vanlegvis som opningssong.
Medverkande [endre]
- Mick Jagger – vokal og perkusjon
- Keith Richards – gitar
- Brian Jones – munnspel og perkusjon
- Bill Wyman – bassgitar
- Charlie Watts – trommer
- Phil Spector – maracas[2]
Rush [endre]
| Not Fade Away Singel av Rush |
||
| B-side | «You Can't Fight It» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1973 | |
| Innspelt | 1973 | |
| Sjanger | Rock and roll, hardrock | |
| Lengd | 3:13 | |
| Selskap | Moon Records | |
| Låtskrivar(ar) | Norman Petty, Charles Hardin | |
| Produsent | David Stock | |
| Rush-kronologi | ||
| Not Fade Away | «Finding My Way» 1974 |
|
Rush-versjonen av «Not Fade Away» var debutsingelen deira, gjeven ut i 1973. B-sida til singelen var «You Can't Fight It», og var den første originale songen Rush gav ut. Singelen er sjeldan og eit samlarobjekt i dag. Ingen av desse songane er nokon gong gjevne ut på CD offisielt.
Andre utgåver [endre]
Fleire artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom andre Grateful Dead, Bobby Fuller Four, Bruce Springsteen, Bob Dylan, Tom Petty, Patti Smith, Freddie Mercury, Tanya Tucker, Eric Hine, The Supremes, The Everly Brothers, Hank Marvin, Noel Redding, Sheryl Crow, The Beatles, Quicksilver Messenger Service, Stephen Stills og James Taylor.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Not Fade Away (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: