Notar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå note.
Måleri av Quentin Massys.

Notar (lat. notārius) er ein privatpraktiserande juridisk person som er oppnemnt av staten. Ein notar er ansvarleg for å oversjå og registrera kjøp og sal av eigedom, registrera viktige dokument, som til dømes testamente og viktige kontraktar, både på vegne av privatpersonar og for næringslivet. Han er òg ansvarleg for innkreving av avgifter, til dømes i samband med kjøp av eigedom. Ein notar er forplikta til å vera nøytral og handsama alle partar likt, og i samsvar med gjeldande lovar. Notar er ein tittel som stammar frå romerriket, og som har vorte teken opp i lovverket i land der dette bygger på romersk tradisjon.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Notar har ein sentral funksjon i fransktalande land, som Belgia, Frankrike[1] og dei fransk- og italiensktalande kantonane av Sveits, men er òg i bruk i fleire andre europeiske land, som Austerrike, Bulgaria, Estonia, Hellas, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxemburg, Malta, Nederland, Polen, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn. I andre verdsdelar er notar i bruk i Quebec.

I Noreg vert funksjonane som ein notar utfører, dels tekne hand om av advokatar, av eigedomsmeklarar når det gjeld eigedomar dei formidlar sal av, dels av Notarius publicus, som i Noreg som regel er byfogden eller sorenskrivaren i eigenskap av å utføre notarialforretningar, det vil seie ved underskrift å stadfeste prov for visse rettslege handlingar, til dømes borgarleg vigsel, vekselprotest og attestasjonar av ymse slag.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 'Notaire', Service-Public.fr
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.