Notodden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Notodden
Notodden dark.jpg
Plassering
Notodden (Telemark)
Notodden
Notodden
Notodden i Telemark
Geografi


Folketal[1] 8 673 (2011)
Folketettleik 1 120,5 /km²
Areal[1] 7,74 km²
Koordinatar 59°33′33.7″N 9°15′30.7″EKoordinatar: 59°33′33.7″N 9°15′30.7″E
Annan informasjon
Ferdselsårer E134
Postnummer 3672 NOTODDEN
Innbyggjarnemning notodding
Preposisjon Notodden

Notodden er ein by og administrasjonssenter i Notodden kommune i Telemark fylke med 8 673 innbyggjarar (2009). Byen ligg på begge sidene av Tinnåa som renn ut i Heddalsvatnet.

Notodden er eit handelssenter for Aust-Telemark og vart tidleg ein skuleby. I dag har byen to vidaregåande skular og Høgskolen i Telemark med avdeling for lærarutdanning og førskolelærarutdanning med 1400 studentplassar. Notodden lufthamn er næraste flyplass og ligg om lag 5,5 km frå byen.

Lokalavisa er Telen, som har kontora sine på Notodden. Avisa dekkjer òg kommunane Hjartdal og Sauherad .

[endre] Historikk

Admini, det første administrajonsbygget til Norsk Hydro frå 1906

Industrien fekk sitt første fotfeste ved Tinnåa med sagbruk, mølle, stampe, skipsbyggeri og seinare tresliperi. Notodden Calsium Carbid A/S vart sett i gang i 1899 og Notodden Salpeterfabrikk i 1904-05, då Kristian Birkeland og Sam Eyde bygde den første forsøksfabrikken for produksjon av kunstgjødsel. Industrieventyret til Norsk Hydro byrja på Notodden. Tinfos Jernverk vart skipa i 1910. Notodden vart kjøpstad i 1913. Samstundes med industrianlegga gjorde rallaren (anleggsarbeidaren) sin innmarsj, og han har fått sitt minnesmerke i Rallarparken i form av ein stor statue laga av Dyre Vaa. Fleire rallarar og arbeidarar vart fastbuande i byen, og folkemengda hadde ei kraftig auke på 849 til over 5000 innbyggjarar frå 1900 til 1912.

I Grønnbyen kan ein sjå bustader til arbeidarane frå den tidlege tida til Norsk Hydro. Her har Notodden Historielag innreidd ein arbeidarbustad slik dei var omkring 1915 og på Villamoen ligg funksjonærbustader frå same tid. Admini, praktbygget til Norsk Hydro er teikna av arkitekt Henning Cloumann. Norsk Extruding, det første føretaket i Noreg som ekstruderte plast og landets einaste kunstsilkefabrikk låg også her.

[endre] Kultur

Publikum ved Notodden Blues Festival 2009

Notodden Blues Festival, den leiande bluesfestivalen i Noreg, har vore arrangert årleg i byen sidan 1988 i den første veka av august. Fleire av konsertane finn stad i eller utanfor nedlagte industrilokale på Notodden. Sidan 1991 er bluesprisen til festivalen vorten utdelt. Det vert også arrangert blues-workshops og blues-seminarar for musikarar og andre interesserte.

Heddal stavkyrkje frå 1200-talet, restaurert 1952–54, er den største i landet og ligger fem km vest for byen. Notodden kyrkje er ein basilika i tegl frå 1938 med altertavle av Henrik Sørensen. Bolkesjø sør for Blefjell har lange tradisjonar som skysstasjon og overnattingsstad. Turisttog trafikkerer jernbanestrekninga Notodden–Tinnoset og kanalbåten M/S Telemarken trafikkerer Telemarkskanalen frå Notodden til Lunde i Nome i sommarhalvåret. Heddal bygdetun er eit friluftsmuseum med me.a. ei samling av hus frå 1500- til 1900-talet i tillegg til treskurd- og bunadsutstilling. Telemarksgalleriet har faste utstillingar heile året.

[endre] Venskapsbyar

[endre] Sjå òg

[endre] Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy