Notting Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Notting Hill
bydel
Land  Storbritannia
Region Stor-London
Distrikt Kensington and Chelsea
Kart
Notting Hill
51°30′35″N 0°12′15″W / 51.5096°N 0.2043°W / 51.5096; -0.2043
Wikimedia Commons: Notting Hill

Notting Hill er ein stad i London, nær det nordvestlege hjørnet av Hyde Park i bydelen Kensington and Chelsea. Det er i dag kjend som eit fasjonabelt område,[1] med store hus frå viktoriatida og eksklusive butikkar og restaurantar. Samstundes har området ein levande alternativ kultur, som blant anna er synleg i dei mange bruktbutikkane for musikk rundt Notting Hill Gate.

Kart over vestlege London frå 1841.
Hus i Notting Hill.

Området blei bygd ut på 1820-talet, og har frå den tid vore knytt til kunstnarar og «alternative» kulturar.[2][3] I tida like etter andre verdskrigen var Notting Hill prega av billige og dårlege bustader, der husa var delte opp i små leilegheiter. Særleg blei Peter Rachman kjend som ein bustadhai i området. Mange karibiske innvandrarar slo seg ned i området på denne tida, og blei utsett for raistiske teddy boy-grupper i Notting Hill-opptøyane i 1958.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Den kjende bruktmarknaden Portobello Road Market blir halde kvar søndag i Notting Hill. Dette har blitt ein stor turistattraksjon i London.[4]

Kvart år i august blir Notting Hill Carnival halde i bydelen. Dette er ein stor gatefestival og feiring av afro-karibisk kultur i Storbritannia. Karnevalet blei skipa i 1965.[5] Karnevalet er kjend for opptod med fargerike karnevalsvogner og dansarar.

Notting Hill i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Området er bakgrunn for romanar som The Napoleon of Notting Hill av G.K. Chesterton, The Hopkins Manuscript av R.C. Sherriff og The Line of Beauty av Alan Hollinghurst. Det blei internasjonalt kjend gjennom filmen Notting Hill med Julia Roberts og Hugh Grant i hovudrollene. Filmen viser mellom anna marknaden i Portobello Road og dei typiske felleshagene på plassane i Notting Hill. Butikken rollefiguren til Hugh Grant arbeider i var ein verkeleg bokhandel i Notting Hill. Andre filmar som har blitt laga her er The Knack …and How to Get It (1965), Performance (1970) med Mick Jagger, Lava (2001) og Paddington (2014).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «West London». London Hotels .com. Henta 18. februar 2010. 
  2. «Beanie Pearce». Beanie Pearce Real Estate. Henta 18 February 2010. 
  3. «Notting Hill and Bayswater», Old and New London: Volume 5 (1878), pp. 177-88.
  4. «Portobello Road». London Online. Henta 18 February 2010. 
  5. 1Xtra – Black History. «1965». BBC. Henta 17 February 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Notting Hill