Nottingham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nottingham
City of Nottingham

Frå øvst til venstre: Robin Hood, Council House, NET Tram, (midten) Trent Bridge, Porthuset til slottet, Wollaton Hall, Ye Olde Trip to Jerusalem og Nottingham Forest City Ground
Frå øvst til venstre: Robin Hood, Council House, NET Tram, (midten) Trent Bridge, Porthuset til slottet, Wollaton Hall, Ye Olde Trip to Jerusalem og Nottingham Forest City Ground
Kallenamn
«Queen of the Midlands, The Lace City»
Motto
«Vivit Post Funera Virtus»
(Dyd sigrar over død)
Plassering
Nottingham is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Nottinghamshire
Grunnlagd 600
Borgarmeister Jon Collins
Geografi
Flatevidd
 - By

74,61 km²
Koordinatar 52°57′″N 1°08′″WKoordinatar: 52°57′″N 1°08′″W
Høgd over havet 61 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer NG
Telefon-retningsnummer 0115
Nettstad: www.nottinghamcity.gov.uk/
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nottingham

Nottingham er ein by i Nottinghamshire i England, Storbritannia. Byen ligg ved elva Trent og er fyrst og fremst kjend for kniplingsindustri og legenda om Robin Hood. Han fekk status som city i 1897, og er i dag ei sameint styresmakt.

Sjølve byen har drygt ein kvart million innbyggjarar, men med forstader kjem folketalet opp i omkring trekvart million. Byen er sentrum i kolfeltet i East Midland og har ein variert industri med mellom anna framstilling av kniplingar, næringsmidlar, lêr og skotøy, legemidlar, tobakk, sy klar og telekommunikasjonsutstyr. På ei høgd sentralt i byen ligg borga Nottingham Castle med bymuseum og kunstgalleri. St. Mary's Church er frå 1400-talet og den katolske domkyrkja frå 1844. Byen har to teater.

Byen oppstod i angelsaksisk tid. Ei tidleg namneform var Snottingaham, «Snots bustad», truleg etter ein lokal leiar ved det som i dagens engelske språk er det noko uheldige namnet Snot.

800-talet vart Nottingham ein del av Danelagen og var den viktigaste byen deira.

Forfattaren Alan Sillitoe er frå Nottingham, men budde mesteparten av sitt vaksne liv i London.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Byen har to universitet, University of Nottingham, med meir enn 30 000 studentar, og Nottingham Trent University med meir enn 25 000 studentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nottingham