Nottingham Forest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brian Clough i 1980

Nottingham Forest Football Club er ein engelsk fotballklubb i byen West Bridgford i Nottinghamshire i Storbritannia. Klubben har dei siste sesongane spela på nivå to i det engelske ligasystemet.

Nottingham Forest vart stifta i 1865. Klubben tok del i skipinga av det engelske fotballforbundet, Football Alliance i 1889, og vart med i Football League i 1892. Forest vann FA-cupen i 1898 og 1959, men stordomstida for klubben kom då Brian Clough trena fotballaget. Clough leia Nottingham Forest frå 1975 til 1993. I hans tid vann klubben sitt einaste ligameisterskap, 1978, og sigra i Europacupen to år på rad, 1979 og -80. Dessutan vann Forest fire ligacup-finalar i Clough-perioden; 1978, 1979, 1989 og 1990. I 1991 vart det tap 1-2 etter ekstraomgangar i FA-cupfinalen mot Tottenham Hotspur.

Nottingham Forest har sidan 1898 spela heimekampane på City Ground. Laget spelar i raude trøyer og kvite bukser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]