Novalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novalis, portrett frå 1799

Novalis, eigentleg Friedrich von Hardenberg (2. mai 177225. mars 1801), var ein diktar frå den tidlege bolken av den tyske romantikken.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Friedrich von Hardenberg var son av Erasmus von Hardenberg, ein tidlegare bergverksmann som og var ein streng metodist. Mora heitte Augusta Bernhardine, fødd von Bölzig. Friedrich var nesteldst av ellve born. Det vart sagt om guten at han var innovervendt, med store draumar, og at faren trudde han var noko tilbakeståande. Om faren var streng, heldt han seg mest til mora.

Då Friedrich var ni år, vart han alvorleg sjuk, men etter dette tok han seg kraftig opp, og vart ein ihuga lesar. Mora vart sjuk i 1784, og kom seg aldri etter dette. Faren ville at Friedrich skulle studere til prest, men sjølv ville han noko anna. Han fekk omsider stønad i dette, og kom med tida til universitetet i Jena, der han skulle studere juss.

Studieår[endre | endre wikiteksten]

I Jena møtte Hardenberg andre unge diktarar og filosofar, mellom desse Friedrich Schiller. Han var ferdig uteksaminert i 1794. Schiller vart ein god ven resten av livet. Hausten 1794 vart han brått oppteken av Sophie von Kühn, ei pur ung jente på tretten år. Dette møtet vart med tida til eit alvorleg svermeri, men ikkje meir. Ho døydde av ein sjukdom hausten 1795, knapt 15 år gamal. Dette vart eit vendepunkt for Friedrich von Hardenberg, som no tok namnet Novalis, og la seg etter diktinga.

Diktaren[endre | endre wikiteksten]

Dei neste åra skreiv Novalis ei lang rekkje dikt og songar. Mellom desse er samlinga Geistliche Lieder frå 1798, som vart mykje lesen i venekrinsen, sjølv om boka ikkje vart utgjeven etter at Novalis var daud. Han var no mykje i lag med Friedrich Schlegel og Ludwig Tieck.

Siste leveåra[endre | endre wikiteksten]

Frå 1800 av tok Novalis til å skrante. Han vart gradvis meir og meir sjuk, og døydde i februar 1801. Eit minnesmerke vart sett på grava hans i 1872.