Novara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novara
Novara vista.jpg
Byvåpenet til Novara
Byvåpenet til Novara


Plassering
Novara is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Novara
Borgarmeister 96 Massimo Giordano
Geografi
Flatevidd
 - By

103 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

102 846
  999/km²
Koordinatar 45°27′″N 8°37′″EKoordinatar: 45°27′″N 8°37′″E
Høgd over havet 162 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 28100
Telefon-retningsnummer 0321
Nettstad: www.comune.novara.it

Novara (Nuara på ein lokal dialekt av vestlombardisk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Novara i regionen Piemonte og har om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg 38 km vest for Milano og er den nest største byen i Piemonte etter Torino, som ligg 95 km unna. Vegane mellom Milan og Torino, og mellom Genova og Sveits går gjennom byen. Novara ligg ved elvane Agogna og Terdoppio.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Novara vart grunnlagd i antikken av romarane. Namnet er bygd opp av Nov, som tyder «ny», go Aria, som er namnet innbyggjarane i Gallia Cisalpina nytta om området.

Byen låg ved vegen mellom Vercellae (Vercelli) og Mediolanum (Milano). Etter at byen vart øydelagd i 386 av Magnus Maximus for å ha støtta rivalen Valentinian II, vart han bygd opp att av Theodosius. Etter dette vart han plyndra av Radagaisus (i 405) og Attila (i 452).

Under langobardane vart Novara eit hertugdøme og under Karl den tjukke eit grevskap. Novara vart ein fri keisarby, men i 1110 vart han erobra av Henrik V og øydelagd. I 1167 vart han derfor med i Det lombardiske forbundet mot keisaren. Mot slutten av 1100-talet aksepterte han vern hos Milano og kom i praksis under Visconti sitt styre og seianre Sforza. I slaget ved Novara i 1513 forsvarte sveitsiske leigesoldatar Novara for Sforza-familien i Milano og sende bort dei franske troppane som omleira byen. Dette enda den franske invasjonen i Italia i Cambraiforbundskrigen.

I 1706 vart Novara, som Filippo Maria Visconti lenge hadde lovd bort til Amadeus VIII av Savoie, okkupert av troppar frå Savoie. Med freden i Utrecht vart byen, i lag med Milano ein del av Habsburgmonarkiet. Etter okupasjonen av byen i 1734 gjekk Novara over til Huset Savoie året etter.

Etter at Napoleon invaderte Italia vart Novara hovudstad i departementet Agogna, men kom tilbake til Savoie i 1814. I 1821 var han åstad for eit slag mellom Kongedømet Sardinia sine troppar mot fridomsstyrkane til Piemonte. I det større slaget ved Novara i 1849 vart den sardiske hæren slått av den austerrikske hæren til feltmarskalk Joseph Radetzky von Radetz. Dette nederlaget førte til at Karl Albert av Sardinia abdiserte og til at byen delvis vart okkupert av austerrikarane. Nederlaget til sardinarane vert ofte rekna som byrjinga på samlinga av Italia.

Ein resolusjon i 1859 oppretta provinsen Novara, som då inkluderte det som i dag er provinsane Vercelli, Biella og Verbano-Cusio-Ossola.

Novara hadde 25 000 innbyggjarar i 1861, men industrialiseringa på 1900-talet auka innbyggjartalet til over 100 000 i 1981. Folketalet har endra seg lite i tida etter.

Den truleg mest kjende personen fra Novara i moderne tider var Oscar Luigi Scalfaro, tidlegare president i Italia og italiensk senator på livstid. Scalfaro vart fødd i Novara i 1918.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Novara

Kjelder[endre | endre wikiteksten]