Novellesamlinga Svartsnær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svartsnær er ei novellesamling av Ingeborg Refling Hagen som kom ut i 1921Steenske forlag i Oslo. Novellesamlinga var den andre Hagen fekk utgjeve.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Samlinga inneheld fire noveller av ulik lengd, som skildrar livet på bygdene ved Mjøsa. Dei fire novellene er:

  • «Skårbrok», som skildrar trette under skuronna, og er mykje av ei miljøskildring med sosialt tilsnitt.
  • «Eiterkveise», ei lita forteljing om to born som er einsame på ein husmannsplass ein sommardag, og korleis dei tergar kvarandre.
  • «Svartsnær», tittelnovella i samlinga, ei skildring av legdsjenta Gunhild, som blir sett bort til ein storgard og slepper vitet.
  • «Rau'e Århanen spelle», ei skildring av skogangst og døkke drifter hjå to ungjenter.

Stilistisk skuldar desse forteljingane mykje til Hans E. Kinck. Særskilt dei to siste er meir psykologiske i tonen, og skildrar det undermedvetne i menneskehugen.

I tre av novellene kjem det inn ei jente som er kalla «Raufjøringen fra Angerset». Ho er og hovudpersonen i Eiterkveise. Denne jenta er bestemor til Ingeborg Refling Hagen, Johanne Angelset frå Ringsaker.