Novgorod oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novgorodskaja oblast
   
   
   
Novgorod oblast på kartet over Russland
Hovudstad Velikij Novgorod
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 51.

55 300 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 69.

ca. 634 100[1] (2010)
ca. 11,5/km²

Føderalt distrikt Nordvestlege
Økonomisk region Nordvest
Regionsnummer 53
Offisielt språk Russisk
Guvernør Sergej Gerasimovitsj Mitin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Novgorod oblast (Russisk språk: Новгоро́дская о́бласть) er eit oblast vest i Russland. Novgorod oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet ligg i det nordvestre føderale distriktet i Russland, mellom Moskva og St. Petersburg. Hovudstaden i oblastet er byen Velikij Novgorod (Store Novgorod). Andre viktige byar er: Borovitsji, Staraja Russa, Valdaj og Tsjudovo.

Flatevidda er 55 300 km². Folketalet var, ved folketeljinga i 2010, 634 100, ned frå kring 753 000 i 1989. Det store fleirtalet av folket er etniske russarar, 88,4 % ved folketeljinga i 2010. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar (1,1 %).[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Novgorod oblast grensar til Leningrad oblast i nordvest og nord, Vologda oblast i aust, Tver oblast i sør og søraust og Pskov oblast i sørvest.

Den vestlege delen er lågland kring Ilmensjøen, medan resten er høgland (ein del av Valdajhøgdene). Det høgaste punktet er Ryzjokha (296 moh).

Tidssone[endre | endre wikiteksten]

Novgorod oblast har Moskvatid (MSK/MSD). I høve til UTC er avviket +0300 (MSK)/+0400 (MSD).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Novgorod oblast

Novgorod oblast sine offisielle heimesider på russisk
Kommersant artikkel på engelsk

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.