Novodevitsjijgravstaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Novodevitsjijgravstaden

Opna1898
Kart
Novodevitsjijgravstaden
55°43′29″ N 37°33′15″ E
Anton Tsjekhov si grav. Utforma av Fjodor Sjekhtel

Novodevitsjijgravstaden (russisk Новоде́вичье кла́дбище, Novodevitsje kladbisjtsje) er ein gravstad i Moskva i Russland. Gravstaden ligg ved sidan av verdsarvstaden nonneklosteret Novodevitsjij frå 1500-talet. Han er den tredje mest besøkte turistattraksjonen i byen.

Kyrkjegarden vart innvigd i 1898, då det var mangel på gravplassar i klosteret. Ein av dei første kjende som vart gravlagd på Novodevitsjij-kyrkjegarden var Anton Tsjekhov.

I dag har kyrkjegarden graver til russiske forfattarar, musikarar og poetar, så vel som kjende skodespelarar, politikarar og vitskapsmenn. Meir enn 27 000 er gravlagde i Novodevitsjijgravstaden.

Gravlunden minner om ein park, med små kapell og store skulpturerte monument. Han er delt inn i ein austleg og vestleg seksjon.

Kart over gravstaden er tilgjengeleg i kontoret på kyrkjegarden.

Bilethoggarar[endre | endre wikiteksten]

Det finst verk av mellom andre desse bilethoggarane på Novodevitsjijgravstaden: Sergej Konenkov, Vera Mukhina, Ernst Neizvestnij, Ivan Sjadr og Jevgenij Vutsjetitsj.

Berømte gravlagde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]