Novorossijsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novorossijsk
Новороссийск
Novorossiysk perspective 20080704.JPG
Byvåpenet til Novorossijsk
Byvåpenet til Novorossijsk


Plassering
Novorossijsk is located in Russland
Novorossijsk is located in Krasnodar kraj
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Grunnlagd
Bystatus
1838
1866
Borgarmeister Vladimir Sinjagovskij
Geografi
Flatevidd
 - By

835 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

229 200
  274,5 /km²
Koordinatar 44°43′0″N 37°46′0″EKoordinatar: 44°43′0″N 37°46′0″E
Høgd over havet 20 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 353900–353925
Retningsnummer (tlf) (+7)8617
Nettstad: admin.novoros.com

Novorossiysk (russisk Новоросси́йск; tsjerkessisk Цӏэмэз, Ts'emez) er ein by sør i Russland med den største russiske hamna ved Svartehavet i Krasnodar kraj. Han er ein av få byar som i Sovjetunionen fekk tittelen helteby. I 2007 hadde han om lag 230&nbsp,000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken låg det ein gresk koloni kalla Bata ved breidda av Tsmessbukta som spesialiserte seg på kornhandel. Han er nemnd i verka til Strabius og Ptolemaios. Genuesiske handelsmenn frå Ghisolfi-familien opprettheldt ein handelsplass her i mellomalderen.

Sidan 1722 vart bukta kommandert av den osmanske festninga Sujuk-Qale eller Soğucak. Etter at kysten her vart avstått til Russland i 1829 etter den russisk-tyrkiske krigen grunnla admiralane Mikhail Lazarev og Nikolaj Rajevskij ein austleg base for svartehavsflåten i 1838. Han vart kalla opp etter provinsen Novorossija og hamna vart ein viktig del av kystforta kalla Svartehavslinja, som strekte seg sørover til Sotsji.

På det meste av 1800-talet utvikla Novorossisjk seg raskt og vart hovudstaden i Svartehavet gubernija, det minste i Det russiske riket, i 1896. Frå 26. august 1918 til 28. mars 1920 var Novorossijsk det viktigaste senteret for Denikin sin kvite arme og den kortvarige republikken Novorossija. Mange av dei kvite rømde frå Novorossijsk til Konstantinopel.

I 1942 vart byen okkupert av tyske Wehrmacht, men ei lita eining sovjetiske sjømenn forsvarte ein del av byen kalla Malaja Zemlja i 225 dagar, før han vart frigjeve av den raude armeen den 16. september 1943. Det heroiske forsvaret av hamna av ei sovjetiske sjømennene gjorde at dei hadde kontroll over bybukta og dermed hindre tyskarane i å nytte hamna til laste i land forsyningar. Novorossijsk fekk for dette tittelen helteby i 1973.

I 2003 signerte president Putin eit dekret for å byggje ein ny marinebase for svartehavsflåten i Novorossijsk. Russland har sett av 12,3 milliardar rublar (om lag 2,5 mrd. NOK) for å bygge ein ny base mellom 2007 og 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Novorossijsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]