Nr.91 Stomperud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nr.91 Stomperud er ein teikneserie som vart starta i 1937. Forbildet var den svenske teikneserien 91:an Karlsson, laga av Rudolf Petersson. Det var Ernst G. Mortensen, grunnleggar av Norsk Ukeblad, som stod bak den norske varianten. Stomperud var å finne i Norsk Ukeblad første gong 24. april 1937. Det var Ernst Gervin, tekstforfattar til serien til 1950, som gav hovudpersonen namnet August Stomperud. Frå 1951 til 1972 var det Odvar Strand, hovudkonsulent i Ernst G. Mortensens forlag, som skreiv teksten. Den første teiknaren var truleg Thorbjørn Weea, men og Rudolf Petersson sine teikningar vart nytta i Norsk Ukeblad. Weea teikna Stomperud til 1960. Frå 1961 til 1973 teikna Odd Jørgensen. Den som har teikna serien lengst er Leif Isaksen. Han assisterte Odd Jørgensen med Stomperudteikninga. Frå 1973 overtok han åleine. Han har og skrive tekst. Frå 2005 har Håkon Aasnes teikna.

Hovudpersonen i teikneserien er August Stomperud frå Sørum i Akershus. Han er soldat i infanteriet. Andre viktige figurar er Nr. 87 og Petra. 87 er Stomperud sin konkurrent, på dei fleste område, og ven. Petra er hushjelp til kapteinen og kjærasten til Stomperud. Ein anna fast figur er sersjanten. Han har 91 og 87 respekt for. Offiserane obersten, kapteinen, majoren og fenriken klarer dei stort sett å kome seg unna.

Stomperud har vore fast teikneserie i Norsk Ukeblad. Stomperud har og vore eit populært julehefte. Det har kome sidan 1938, unnateke eit par år under krigen. Nokre julehefte har vore opptrykk av tidlegare utgåver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004