Nubia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nubiaregionen i dag. Tala langs Nilen viser til kataraktane langs Nilen.

Nubia er ein region langs Nilen som dekkjer området mellom Aswan i sørlege Egypt og Khartoum i sentrale Sudan. I oldtida husa området ein av dei eldste sivilisasjonane i Afrika, med ei historie som kan sporast til minst 2500 f.Kr. med Kerma-kulturen. Denne blei overvunnen av Det nye kongeriket i Egypt under farao Thutmose I rundt 1500 f.Kr. Nubia var heim til fleire afrikanske rike, der Kusj er det best kjende. Kusj under Piye erobra Egypt på 700-talet f.Kr. og styrte som det 25. dynastiet.[1]

Nubia i dag utgjer det dyrkbare området langs Nilen frå Debba i Sudan til Aswan i Egypt. Historiske Nubia hadde større utstrekning – frå møtepunktet til Den blå Nilen og Den kvite Nilen ved dagens Khartoum til Aswan i Egypt. Denne regionen blir i dag også kalla Midt-Nilen.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nubia er delt inn i to store regionar: Nedre Nubia og Øvre Nubia. Førstnemnde låg i dagens sørlege Egypt og nordlege Sudan, som låg mellom første og andre katarakt langs Nilen. Øvre Nubia låg i dagens sentrale Sudan, mellom andre og sjette katarakt. Nedre og Øvre Nubia har namn etter kvar dei ligg i Nildane, «nedre» viser til at område låg nedstrøms frå «øvre».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pyramidar i Meroe.

Området har vore folkesett sidan steinalderen. Folk i Nubia i yngre steinaler kom truleg frå Sudan og Sahara, og delte kultur med desse områda og med dagens Egypt.[3] På 4000-talet f.Kr. tok folket her deli jordbruksrevolusjonen, og steinkunst ved Sabu-Jaddi viser scenar som er blitt tolka som eit mogleg teikn på storfedyrking, noko ei finn døme på i Aust-Afrika og Nildalen fram til modernetider.[4]

Det er funne keramikk frå 4000-talet f.Kr. Folket som levde rundt denne tida blir kalla A-gruppa (A-Group) av arkeologiar. Dei dreiv handel med Egypt, og det er funne importerte gullgjenstandar, koparreiskapar, fajanse-amulettar og perler, segl, steinkar og krukker som gravgods.[5]

Rundt 3300 f.Kr. finst det prov på eit sameint kongedøme her, gjennom funn frå Qustul, som også viser sterke band (både kulturelle og genetiske) med Naqada-kulturen i Øvre Egypt.

Egypt ekspanderte mot sør frå 1600 f.Kr., og i 1520 f.Kr. var heile det nordlege Nubia under egyptisk kontroll. Egyptarane trekte seg seinare ut, og kongedømet Kusj voks til. Kusj overtok mange skikkar frå egyptarane, blant anna pyramidebygging. Kusj erobra Egypt på 700-talet f.Kr. Etter ei levetid på over tusen år blei kongedømet så invadert av det etiopiske Aksumriket kring 350, og riket braut saman. I dei påfølgjande hundreåra blei området kristna. Det oppstod tre kristne kongerike, Nobatia, Makuria og Alodia, og dei to sistnemnde varte igjen i rundt tusen år. Ved nedgangen til desse rika blei Nubia teke over av Det osmanske riket i nord og Sennar-sultanatet i sør på 1500-talet, og nubiarane gjekk gjennom rask islamifisering og delvis arabifisering.

På 1800-talet kom Nubia under eitt styre frå Egypt under khedivane, og seinare blei det eit felles engelsk-egyptisk kondominium. Då kolonitida ende, blei området delt mellom Egypt og Sudan.

Aswandemningen blei bygd på 1960-talet blei den nordlege delen av Nubia oversvømt av den 500 kilometer lange Nassersjøen. Dette medførte at 70 000 nubiara i Egypt og 50 000 i Sudan blei tvangsflytta frå heimane sine.[2] Det finst no nubiske landsbyar nord for Aswan, på vestbreidda av Nilen og på øya Elefantine.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Nubisk hus ved Nilen.

Innbyggjarane i Nubia er hovudsakleg nubiarar, som er ein etnisk minoritet i både Egypt og Sudan. Det finst framleis nubiarar som snakkar nubisk, eit språk frå den nilo-sahariske språkgruppa, men arabisk er hovudspråket i begge statane. Nubiarane lever av jordbruk (durra, kveite, dadlar og belgfrukter) og husdyrhald (geiter og sauer). Mange menn er arbeidsmigrantar og utfører ulike typar servicarbeid både i dei store byane i Egypt og Sudan og i utlandet.[2]

Nubiske hus er kjenneteikna av måla motiv på vegga og portar, både med geometriske former og biletlege figurar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Watterson, Barbara (1997)): The Egyptians. Blackwell, Oxford. s. 50–117
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Hafsaas, Henriette (8. mars 2019). «Nubia». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. «Studies of Ancient Crania From Northern Africa».  – S.O.Y. Keita, American Journal of Physical Anthropology (1990)
  4. «Dr. Stuart Tyson Smith». ucsb.edu. 
  5. «Hierarchy and heterarchy – the earliest cross-cultural trade along the Nile». www.academia.edu. Henta 8. juni 2016.