Nueva Planta-påboda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nueva Planta-påboda

Nueva Planta-påboda (spansk Decretos de Nueva Planta) var ei rekkje påbod som vart signert mellom 1707 og 1716 av Filip V—den første Bourbon-kongen i Spania—under og kort tid den spanske arvefølgjekrigen var over, som han vann.

Han nytta fødelandet Frankrike som modell for ein sentralisert stat og undertrykte institusjonar, privilegia og gamle fueros i nesten alle områda som tidlegare var ein del av Krona Aragon (Aragon, Catalonia, Valencia, og Balearane). Påboda bestemte at alle områda i Krona Aragon, utanom Arandalen, skule styrast under lovene til Castilladei mest prisverdige i heile universet» i følgje påbodet frå 1707) og innlemma desse regionane i eit nytt, og nesten uniformt styrt, sentralisert Spania. Andre historiske område som Navarra og Baskarland, som støtta Filip V under krigen, fekk halde på dei gamle lovene sine.

Lovene var den første gjennomføringa av Spania som ein sentralisert stat og var meint både som eit moderniserande element, på linje med ander europeiske land der monarkane stadig fekk meir makt, og som ei straff for områda som hadde kjempa mot Filip V i arvefølgjekrigen. Dei øvste embetsmennene vart utpeikte direkte frå Madrid, byen til kongen, og dei fleste institusjonane i desse områda vart nedlagde. Kastiljansk var det einaste offentlege språket og erstatta latinsk, katalansk og andre spanske språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]