Nufenenpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn mot Finsteraarhorn og Lauteraarhorn frå Nufenenpasset

Nufenenpasset (italiensk: Passo della Novena) er ein fjellovergang i dei sveitsiske Alpane, mellom kantonane Valais og Ticino. Ein fjellveg bygt i 1965-69 går frå Ulrichen over passhøgda på 2 478 moh i fjelldalen Bedrettotal og vidare til Airolo. Denne fjellvegen er den høgstliggjande vegen som i si heile lengd ligg inne i Sveits. Den litt høgre passhøgda over Umbrailpasset når sitt høgste punkt straks før den sørlege nedfarta mot den italienske grensa.

Vegen er vinterstengd frå oktober til juni.

Elva Ticino har sine kjelder aust før passhøgda i Nufenenpasset. Frå passhøgda har ein mot nord eit vidt utsyn mot Bern-Alpane med Finsteraarhorn, mot sør ser ein Griesgletscher.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]