Numedalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Numedalen (lokalt ofte uttala Nomedal), er ein av dei tre sentrale dalane i Buskerud fylke. Dalen kan reknast frå Rødberg eller frå Tunhovdfjorden, og strekk seg ned til Kongsberg. Dalføret etter Kongsberg ut mot Larvik er oftast kalla Lågendalen. Numedalslågen er hovudåra i dalen.
Numedal tel kommunane Nore og Uvdal, Rollag, Flesberg og Kongsberg, tidlegare Øvre Sandsvær. Bygdene i dalen, rekna nedetter, er Rødberg, Veggli, Rollag, Svene, Lampeland og Flesberg.