Ny-Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vice-royauté de Nouvelle-France
Statthaldarskapet Ny-Frankrike
Fransk koloni
1534-1763
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Ny-Frankrike
Hovudstad Quebec
Språk Fransk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Konge
 - 1663-1715 Ludvig XIV
 - 1715-1763 Ludvig XV
Historie
 - Kongeleg kontroll 1663
 - Kapituleringa til Quebec 1759
 - Kapituleringa til Montreal 1760
 - Paris-traktaten i 1763 10. februar 1763
Valuta Livre
Etterfølgjarar
Provinsen Quebec (1763-1791) Union flag 1606 (Kings Colors).svg
Nova Scotia Flag of Nova Scotia.svg
Rupert's Land Union flag 1606 (Kings Colors).svg
øya Newfoundland Union flag 1606 (Kings Colors).svg
Louisiana i Ny-Spania Flag of Cross of Burgundy.svg

Statthalderskapet Ny-Frankrike (fransk Vice-royauté de Nouvelle-France) var området som Frankrike koloniserte i Nord-Amerika, i perioden som startar med utforskinga til Jacques Cartier av St. Lawrence-elva i 1534, til Ny-Frankrike vart avstått til Spania og Storbritannia i 1763. På det største i 1712 (før Utrecht-traktaten) dekte Ny-Frankrike området frå Newfoundland til Rocky Mountains, og frå Hudsonbukta til Mexicogolfen. Området vart så delt i fem koloniar, kvar med sitt eige styre: Canada, Acadia, Hudsonbukta, Newfoundland, (Plaisance)[2] og Louisiana. Utrecht-traktaten gjorde at Frankrike gav opp krava på fastlandsdelen av Acadia, Hudsonbukta og Newfoundland, og oppretta kolonien Île Royale (Cape Breton-øya) som etterfølgjaren til Acadia.[1]

I dag er det berre øygruppa Saint-Pierre og Miquelon av Ny-Frankrike som framleis er under fransk kontroll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Control and Order in French Colonial Louisbourg, 1713-1758, Andrew John Bayly Johnston, 2001, MSU Press s. 8-9[1]
Ny-Frankrike 1534-1763