Ny Tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leitar du etter Trondheimsavisa Ny Tid (tufta 1899), der mellom anna Martin Tranmæl arbeidde?

Ny Tid
Orientering
Type1952: Vekeavis
27. januar 2006: Nyhendemagasin
FormatMagasin
Oppretta1953
Første trykkdesember 1953
MålformHovudsakleg bokmål
EigarskapN.W.Damm & Søn AS (100%)
Opplag4 834 (2002)
4 199 (2004)
4 320 (2005)
RedaksjonskontorPB 9316 Grønland
Postnummer0135
StadOslo
Ansvarleg redaktørMartine Aurdal  (2006)
NettstadNytid.no

Ny Tid (tidlegare Orientering) er eit månadleg nyhendemagasin med opphavleg grunnlag i den politiske venstresida (SV). Hovudkontoret ligg i Oslo. Fram til 2006 vart Ny Tid publisert som vekeavis, men etter å ha vorte kjøpt opp av Damm forlag på våren 2006, vart publikasjonen relansert som det første sjølvstendige nyhendemagasinet i Noreg, om lag ein månad før Memo.

Opplaget i 2002 var på 4 834 eksemplar. Opplaget i 2005 var på 4 199 eksemplar, og av desse vart berre 28 seld i laussal. Overgangen til nyhendemagasin heva laussalet av Ny Tid kraftig, og i 2006 blei avisa opplagsvinnar med eit godkjent opplag på 9258 eksemplar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Orientering[endre | endre wikiteksten]

Publikasjonen kom ut første gong i desember 1953, som avisa Orientering. Avisa vart grunnlagd av medlemer på venstresida i Arbeidarpartiet (oftast vist til som «krinsen kring Orientering» eller «Orienteringskrinsen»), og tok særleg opp utanrikssaker.

Orienteringskrinsen meinte at synspunkt som var kritiske til NATO og vestleg kapitalisme generelt ikkje kom godt nok fram i tradisjonelle norske media. Krinsen vart kjend for det «tredje standpunkt» på venstresida og stilte seg i mellom (og i sterk kontrast til) kommunistane i NKP og sosialdemokratane i Arbeidarpartiet, som krinsen meinte hadde gått for langt mot høgre, og hadde ein ufri intern ordskiftekultur.

I 1961 vart Sosialistisk Folkeparti (SF) tufta av utbrytarar frå Arbeidarpartiet, med utgangspunkt i krinsen kring Orientering. Årsaka var at Arbeidarpartiet same året hadde gjort eit programvedtak på landsmøtet som syntes å kunne opne for utplassering av atomvåpen på norsk jord. Orientering vart då eit uoffisielt partiorgan for SF.

Av framtredande personar i Orienteringskrinsen er verdt å nemne Karl Evang, Sigurd Evensmo og Finn Gustavsen. Krinsen vart òg støtta av eldre sosialdemokratar frå arbeidarrørsla, som til dømes Christopher Hornsrud.

SV og Ny Tid[endre | endre wikiteksten]

Sosialistisk Venstreparti (SV) vart tufta i 1975 gjekk SF inn i partiet, og Orientering endra namn til Ny Tid for å halde fram som partiorgan for SV. Namnet Ny Tid var ei oppattkalling etter namnet på ei arbeidaravis i Trøndelag i første delen av førre hundreåret, der mellom andre Martin Tranmæl var medarbeidar (les: Ny Tid (1899-1939).

Ny Tid har ikkje lenger organisatoriske band til SV, men partiet var største aksjonær i avisa (12,5 %) heilt fram til oppkjøpet frå Damm forlag i 2006.

Ny Tid i nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Redaktør i 2004 var Anders Horn. I 2005 gjekk Horn av som redaktør, og begynte som politisk journalist i Klassekampen. Dag Herbjørnsrud tok over, men gjekk frå stillinga våren 2006. Martine Aurdal vart tilsett som ny redaktør.

I 2006 vart Ny Tid kjøpt opp av forlaget N.W.Damm & Søn AS (Damm Forlag), og relansert som det første nyhendemagasinet i Noreg, med Newsweek som førebilete. Oppkjøpet førte til stor debatt på heile venstresida, og den profilerte Ny Tid-skribenten, SV-aren og EU-kritikaren Dag Seierstad gjekk over til å skrive for Klassekampen.

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:

  • 1979: 16 267
  • 1980: 15 117
  • 1981: 15 662
  • 1982: 15 474
  • 1983: 14 722
  • 1984: 14 945
  • 1985: 13 482
  • 1986: 12 659
  • 1987: 10 877
  • 1988: 9 803
  • 1989: 9 071
  • 1990: 8 021
  • 1991: 8 212
  • 1992: 8 155
  • 1993: na
  • 1994: 6 950
  • 1995: 5 704
  • 1996: 5 593
  • 1997: 4 722
  • 1998: 4 772
  • 1999: 4 095
  • 2000: 3 939
  • 2001: 4 599
  • 2002: 4 834
  • 2003: 4 519
  • 2004: 4 199
  • 2005: 4 320

Som magasin:

  • 2006: 9 258
  • 2007: 7 671
  • 2008: 4 811
  • 2009: 4 774
Utviklinga i Ny Tids nettoopplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]