Nyerereitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyerereitt

Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelNa2Ca(CO3)2
Strunz-klassifisering05.AC.10
Identifikasjon
Fargefargelaus
KrystallformPlateaktig, pseudo-heksagonal
KrystallsystemOrtorombisk - Pyramideforma H-M-symbol (mm2) Romgruppe: C mc21
TvillingAlltid polysyntetisk tvilling parallell til [001]
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt2.541
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.511 nβ = 1.533 nγ = 1.535
Dobbeltbrytingδ = 0.023
2V-vinkelMålt: 29°
Kjelder[1][2][3]

Nyerereitt er eit sjeldan natrium/kalsium-mineral (Na2Ca(CO3)2) som dannar fargelause, tavleforma, pseudoheksagonale og ortorombiske krystall som ofte dannar tvillingar. Nyerereitt forvitrar umiddelbart ved kontakt med luft.

Det vart først skildra i 1963 av J. B. Dawson frå karbonatitt-lava frå vulkanen Ol Doinyo Lengai. Det er kalla opp etter president Julius Nyerere frå Tanzania. Mineralet er òg påvist i Afrikanda-komplekset på Kolahalvøya og Monte Vulture i Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Askheim, Svein (26. april 2011). «Nyerereitt». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014. 
  1. Barthelmy, Dave, «Nyerereite Mineral Data», webmineral.com, henta 17. november 2018 
  2. «Nyerereite: Nyerereite mineral information and data.», www.mindat.org, henta 17. november 2018 
  3. Handbook og Mineralogy