Nygårdsbroen

Koordinatar: 60°22′50″N 005°20′04″E / 60.38056°N 5.33444°E / 60.38056; 5.33444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°22′50″N 005°20′04″E / 60.38056°N 5.33444°E / 60.38056; 5.33444

Nygårdsbroen

Typevegbru
StadBergen i Noreg
Opna1851 (gamle), 1978 (nye), 2008 (nye II)
TransportererBiltrafikk, Bybanen i Bergen
Kart
Nygårdsbroene
60°22′51″N 5°20′03″E / 60.38083°N 5.33417°E / 60.38083; 5.33417
Nygårdsbroen under arbeida i samband med Bybanen. Nye Nygårdsbro til høgre, Gamle Nygårdsbro kan ein skimte i midten og Nye Nygårdsbro II er under bygging til venstre.

Nygårdsbroen er namnet på fleire bruer over Strømmen i Puddefjorden i Bergen, frå Nygårdstangen til Danmarksplass. Den eldste brua der stod ferdig i 1851, og knytte saman Bergen og Årstad. Brua hadde til å byrje med bomavgift både for køyrande og gåande. Bruene utgjer i dag hovudtraseen sørover frå Bergen sentrum. Strømmen er i dag sett som skiljet mellom Store Lungegårdsvannet og resten av Puddefjorden.

Bruanlegget har vorte forandra ei rekkje gonger, og ei heilt ny bru, «Nye Nygårdsbro» stod ferdig i 1978. Denne var mykje lengre enn den gamle, og går høgare opp og i ein litt annan vinkel. Dermed vart det to bruer, Gamle og Nye Nygårdsbro. I samband med bygginga av Bybanen i Bergen vart det bygd ei tredje bru, «Nye Nygårdsbro II», som opna i november 2008. Bybanen går over den eldste brua, og har eit stopp (Florida) like nord for bruene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]