Nyksund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nyksund
Nyksund, 1. august 2004
Nyksund, 1. august 2004
Geografi
Kommune Øksnes
Fylke Nordland
Annan informasjon
Ferdselsårer Fylkesveg 938
Postnummer 8430 MYRE
Preposisjon i Nyksund
Kart
Nyksund is located in Nordland
68°59′43″N 15°0′40″EKoordinatar: 68°59′43″N 15°0′40″E

Nyksund er eit tidlegare fiskevær som ligg på nordvest på Langøya i Øksnes kommune i Vesterålen, ei drøy mil frå kommunesenteret Myre.

Busetnaden i Nyksund er spreidd over to øyar, Nyksundøya og Ungsmaløya. Desse øyane er samanbundne med ein 65 meter lang molo. Ein molo sambind òg Nyksundøya med Langøya. Ein grusveg går mellom Nyksund og Høydal. Grusvegen er ein del av Fylkesveg 938 i Nordland, som held fram som asfaltert veg derifrå inn til Myre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1900 var Nyksund det nest største fiskeværet i Vesterålen. Nærleiken til fiskefelta utanfor Vesterålen gjorde staden til eit attraktivt fiskevær. Men etter andre verdskrigen vart nærleiken til fiskefelta mindre viktig, då ny teknologi i form av motorar og større båtar vart teken i bruk. Hamna i Nyksund vart for lita, og tettstaden Myre tok over som viktigaste hamn i området. Fiskeværet vart avfolka, og etter at dei siste fastbuande hadde fått fråflyttingstilskot frå staten, var Nyksund heilt fråflytt rundt 1970.

Frå midten av 1980-talet sette den tyske sosialpedagogen Karl Heinz Nickel i gang fleire internasjonale ungdomsprosjekt i Nyksund, mellom anna i samarbeid med Universität Berlin. I 1980- og 90-åra kom tyske studentar til Nyksund, og skapte ny aktivitet på staden. Etter kvart vart staden populær for tilreisande kunstnarar og turistar. I dag har Nyksund fleire fastbuande og eit heilårstilbod til turistar. Fleire av dei gamle bryggene i fiskeværet er i ferd med å bli restaurert.

Nyksund i dag[endre | endre wikiteksten]

Mellom dei fastbuande er det både ein smed, ein kunstnar og fleire yoga-instruktørar. Det vart laga fjernsynsprogram om dei fastbuande i Nyksund i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Staden fekk i 2009 eige kombinert museum og konsertlokale. Nyksund er elles ein populær stad for fotografar og filmregissørar. Mellom anna vart spelefilmane Etter Rubicon og Insomnia delvis innspelte i Nyksund.

Mellom Nyksund og Stø går turløypa "Dronningruta". Den er den mest kjente turløypa i Øksnes. Dronningruta er oppkalla etter dronning Sonja, som har gått denne ruta.

Fleire små øyar og holmar nord for Nyksund og Stø er verna som naturreservat. Dette området er eit viktig produksjonsområde for sjøfugl og steinkobbe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]