Nyliberalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nyliberalisme er eit omgrep som blir brukt om ein marknadsvenleg politikk som vektlegg det private næringslivet si rolle og vil avgrensa staten si rolle, hovudsakleg fokusert på det økonomiske planet. Den vert difor òg ofte omtala som økonomisk liberalisme i Noreg. Omgrepet "nyliberalisme" er ikkje klart definert, og vert mest nytta som eit fiendebilete av aktørar på den politiske venstresida om høgresida sin politikk. Svært få politiske eller økonomiske aktørar omtalar seg sjølve som nyliberalistar. Bruken av omgrepet er difor problematisk.

Det som vert kalla nyliberalismen fekk eit grunnleggjande fotfeste i Vesten gjennom Margaret Thatcher (Storbritannia) og Ronald Reagan (USA). Dette tankesettet har langt på veg vorte teke opp av både konservative, kristendemokratiske og sosialdemokratiske politikarar - utan at dei nødvendigvis fører ein meir liberal politikk utanfor det økonomiske. Eit av dei første regima som prøvde ut dei nyliberalistiske teoriane var militærdiktaturet til Augusto Pinochet i Chile.

Nyliberalismen kom til verda på 70- og 80-talet, som ein reaksjon på den sosiale regulerings- og utjamningspolitikken som hadde vorte ført tidlegare. Nyliberalismen står hovudsakleg for ei nedbygging av handelsbarrierar, skattar og avgifter, og ei nedbygging av det offentlege generelt. Samstundes er ikkje tankesettet altomfattande, slik libertanismen er, og sosialdemokratar over heile Europa har difor prøvd å kombinere tankane i nyliberalismen med sosialistiske ideal. Her er Tony Blair og New Labour eit døme.

Men nyliberalismen er òg vanskeleg å skildre med eit enkelt sett grunnverdiar. Mange meiner til dømes at thatcherismen står i direkte motsetnad til dei nyliberale strøymingane i Vesten i dag. Definisjonane flyt òg meir ut etter som motstandarar av nyliberalismen ofte vil nytte uttrykket nyliberalisme som eit skjellsord for alle politiske vedtak som tek makt frå dei folkevalde institusjonane og gjev meir makt til marknaden og særleg til internasjonale korporasjonar.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]