Nynorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Nynorsk».
Ivar Aasen er opphavsmannen til landsmålet, som med tida har utvikla seg til nynorsken av i dag.

Nynorsk, før 1929 offisielt kalla landsmål, er sidan jamstillingsvedtaket av 12. mai 1885 ei av to offisielle målformer av norsk; den andre er bokmål. Nynorsk blir i dag nytta av om lag 10–15% av innbyggjarane[1][2] i Noreg. Skriftspråket er basert på nynorsk talemål, det vil seie dei moderne norske dialektane til skilnad frå gamalnorsk og mellomnorsk. Når ein seier at nokon snakkar nynorsk, meiner ein helst at dei snakkar nynorsk normaltalemål. Dei færraste dialekttalande nordmenn seier at dei snakkar nynorsk, men det er ikkje uvanleg i kjerneområda til nynorsken. Dette tilhøvet mellom tale og skrift ligg bak målrørsla sitt slagord sidan 1970-talet: «Snakk dialekt – skriv nynorsk!» Nynorske dialektar blir snakka over heile landet, men det er berre på Vestlandet utanom dei største byene og i dei austlandske fjellbygdene at skriftspråket står sterkt. Det vil seie at dei fleste dialekttalarane har bokmål som det primære skriftspråket sitt.

Ein iaugefallande skilnad mellom nynorsk standardspråk og nynorske dialektar er at standardspråket tradisjonelt er prega av purisme i ordtilfanget med avgrensing mot ord av dansk og lågtysk opphav, sjølv om desse orda kan vere utbreidde i dialektane. Skriftspråket har derfor helst brukt ord som kan førast attende til gammalnorsk der slike har funnest i levande talemål. Formelt er purismen no stort sett avskaffa, men mange tradisjonelle nynorskord er godt innarbeidde og pregar det moderne skriftspråket.

Nynorsk normaltalemål er lite utbreidd utanfor situasjonar der ein er bunden av manus, som nyheitsopplesarar og skodespelarar. Det gjer at born kjenner det nynorske standardspråket dårlegare enn bokmål før dei lærer å lese, nynorsk vil derfor i større grad enn bokmål lærast på skulen. Dominansen til bokmålet gjer òg at dei som primært skriv nynorsk, både les og skriv meir bokmål enn bokmålsbrukarar les og skriv nynorsk. Dei nasjonale media, inkludert TV, radio, aviser, teikneseriar og bøker, er dei same over heile landet, så det er fyrst og fremst gjennom regionale TV- og radiosendingar, region- og lokalaviser, skule, yrkesliv (avhengig av yrke) og privat kommunikasjon at nynorsken står sterkare i nynorskområda enn i resten av landet.

Sidan det nynorske standardspråket er mindre utbreidd enn bokmål i skrift og tale, er nynorsk markert medan bokmål er umarkert. Det vil seie at nynorskbrukarar oftare må forklare og forsvare sitt språkval. Det har nynorsk sams med mange minoritetsspråk, og det kan forklare kvifor negative haldningar til nynorsk er utbreidde.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalnorsk til nynorsk[endre | endre wikiteksten]

I perioden frå svartedauden til reformasjonen i 1536 gjekk norsk språk gjennom ein periode med store endringar og forenklingar. Ei viktig drivkraft i språkendringane i perioden var kontakten med hanseatiske handelsmenn, det vil seie nordtyskarar, og deira nedertyske språk. Ikkje minst gjeld det ordtilfanget, som i stor grad vart bytta ut. Skandinavar og nordtyskarar kunne såleis lettare forstå kvarandre, men med det resultatet at avstanden til dei øynordiske språka islandsk og færøysk voks, og det nordiske språkområdet vart delt.[4]

Mens det gammalnorske språket var relativt einskapleg med små dialektskilnader, var og er avstanden mellom dialektane i nynorsk mykje større. Utviklinga av dialektane hadde likevel gått mykje i parallell, for eksempel er kasussystemet sterkt svekka i alle dialektane, sjølv om nokre har bevart skiljet mellom nominativ og dativ.

Ivar Aasen og landsmålet[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste systematiske granskinga av det nynorske språket gjorde Ivar Aasen, grunnleggjaren av norsk språkvitskap. På 1840-talet reiste han rundt i landet og studerte dialektane. I 1848 publiserte han Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 kom Ordbog over det norske Folkesprog. Den fyrste skissa av ein normal kom i 1853 med Prøver af Landsmaalet i Norge. Aasen fullførte landsmålsnormalen med publiseringa av Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog i 1873.

Aasens arbeid byggjer på at dialektane hadde ein sams struktur som gjorde dei til eitt språk og skilde dei frå dansk og svensk. Det sentrale for Aasen var derfor å finne fram til og vise det strukturelle samsvaret mellom dialektane. Alt målarbeidet til Aasen var tufta på dette synet, og det er klart og prinsipielt formulert i dei fyrste linene i innleiinga til Norsk Grammatik:

«Det Tungemaal, som tilhører den norske Almue, har meget tilfælles med det svenske og dernæst ogsaa med det danske, men adskiller sig fra dem begge ved et Forraad af særegne Ord og Former, og har i det Hele saa meget eiendommeligt i Formen, at det ikke kan falde sammen med noget af disse Nabosprog, men maa nødvendig tænkes opstillet ved Siden af dem som en selvstændig Sprogform. I selve Grundlaget falder det nærmere sammen med den islandske Sprogform, som egentlig ogsaa er udgaaen fra Norge; men alligevel har dog den norske Form udviklet sig anderledes end den islandske, saa at ogsaa disse nu ere noget ulige.»[5]}}

Den språkvitskaplege følgja av teorien var at Aasen såg det som si oppgåve å abstrahere einskapen i eit føreliggjande mangfald av dialektar. Då trong han eit grunnleggjande kriterium i vurderinga av dei mange ulike formene, og dette fann han i omgrepet «den fuldkomneste Form», som vart eit av dei mest sentrale omgrepa i språkteorien hans. I 1846 definerte han omgrepet slik: «Som fuldkomneste Form ansees den, der stemmer mest overeens med de beslægtede Ord, med andre Ord af samme Slags, og med Formerne i det gamle Sprog. Saaledes er f. Ex djup fuldkomnere end jup, Morgon fuldkomnere end Morgaa, Moron og Maaro, etla fuldkomnere end esle og elsje[6] Ingen einskild dialekt hadde alle dei fullkomne formene: «Overalt tjener den ene Dialekt til at oplyse den anden; den fuldkomneste Form findes snart i Agershuus, snart i Bergens, snart i Kristiansands Stift».[6]

Gjennom ei slik systematisk samanlikning kunne ein kome fram til eit samlande uttrykk for alle norske dialektar, det Aasen sjølv kalla grunndialekten og som Einar Haugen har kala protonorsk. Ut frå oppfatninga om eit protonorsk rangerte så Aasen dialektane som meir eller mindre «ægte». Det var fleire motpolar til omgrepa «norsk», «fullkommen» og «ægte», men dei to vanlegaste var «Bysprog» og «uægte». Ut frå denne rangeringa kom dialektane i Hardanger, Voss og Sogn øvst saman med nokre midlandske, som hallingmålet. Dialektane på det sentrale Austlandet og særleg bydialektane enda i andre enden av skalaen som dei mest «uægte».[7]

Tanken om at granskinga skulle ende opp i et nytt skriftspråk, prega arbeidet hans frå fyrste stund. Ein grunntanke for Aasen var at det skriftlege normalmålet – grunndialekten – skulle vere nynorsk, ikkje gammalnorsk. Han tok derfor ikkje med grammatiske kategoriar som ikkje lenger fanst i det levande talemålet. Men samstundes skulle òg dei kategoriane som var arva frå gammalnorsk og framleis fanst i talemålet, kome til uttrykk i skrift. Det har vorte sagt at Aasen bygde på dialektane og brukte gammalnorsk som appellinstans der han var i tvil om kva som var den fullkomne forma. Sidan Aasen avviste at ein fann alle grunndialekten sine fullkomne former i ein einskild dialekt, måtte landsmålsnormalen byggje på ei samanlikning mellom alle dialektane, der ein tok ut det beste frå kvar av dei. Haugen har teke i bruk ordet rekonstruksjon framfor konstruksjon, i og med at Aasen gjekk ut frå eit levende talemålsgrunnlag. Han skreiv i 1965: «Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane.»[8]

Gustav Indrebø har sett opp fire prinsipp som Aasen følgde innanfor denne grunntanken i rekonstruksjonsarbeidet. Arne Torp og Lars S. Vikør har nemnt eit femte:

  1. Det sams systemet i dialektane i bøying og lydverk: Det var viktigare i normalspråket å få fram det sams systemet enn å få til eit strengt fonetisk samsvar med einskilddialektar.
  2. Samanhengslova: Samanhengen mellom nært beslekta ord skulle kome fram. Når ein skreiv kald, hug, riva, Vatn, skulle ein òg skrive kaldt, hugsa, rivna, vats-, ikkje kalt, huksa, remna, vass- sjølv om dei siste formene var mest i samsvar med uttalen.
  3. Skriftsystemet i nabospråka: Aasen skreiv for eksempel g(j)- og k(j)- i framlyd på same måte som i dansk, det vil seie ingen j framfor i, y og ei sjølv om uttalen var palatal.
  4. Det historiserande: Ein skulle kunne sjå samanhengen med gammalnorsk, men likevel ikkje slik at det kom på kant med dei andre prinsippa.
  5. Morfologisk eintydigheit: Kvar bøyingskategori skulle ha eit merke. For eksempel skulle inkjekjønnsformer ha -t både i substantiv (Huset, Augat) og i partisipp, adjektiv og determinativ (lagt, funnet, grønt, opet, nokot).

I motsetning til dei fleste andre som gjekk med tankar om eit landsmål i 1840-åra, såg Aasen for seg eit nytt bruksspråk som skulle fungere i praksis, og ikkje eit språk som berre skulle vere til stas og brukast til vitskaplege føremål, som nedskriving av folkedikting. Derfor ville Aasen at det som vart skrive på landsmål skulle vere mest mogleg einskapleg. Dess meir einskapleg det var, dess meir attkjennande og lettlært vart språket, og dess større respekt ville det få. Aasen var ein ihuga anti-ortofonist. Han hadde teke på seg den vanskelege oppgåva å gjere eit skriftspråk av eit mangfaldig talemålsgrunnlag, og ei streng gjennomføring av prinsippet om samsvar mellom tale og skrift ville i utgangspunktet gjort oppgåva meiningslaus.[7]

Det pedagogiske for Aasen låg i den stabile norma og den indre samanhengen i språket. Det var hovudgrunnen til at han la så mykje inn på å motarbeide variasjon i språkbruken og endringar i landsmålsnorma heilt frå 1850-åra til han døydde. I tillegg til dei praktiske omsyna la Aasen vekt på at språket skulle ha ei respektabel form. Dersom det skulle vere konkurransedyktig med dansk, måtte det ha ein viss historisitet og drag som folk var vane med frå skriftspråka i dansk og svensk. Begge omsyn verka inn då han følgde skriftsystemet i nabospråka, og når han valde dei mest historiserande dialektformene.[7]

1900-talet og språkreformene[endre | endre wikiteksten]

Heilt frå byrjinga var det forskjellige syn blant målfolk på korleis skriftnormalen skulle vere. Ivar Aasen var naturlegvis ein autoritet, men tidlege målfolk som Aasmund Olavson Vinje, Arne Garborg og Olaus Fjørtoft utvikla alle kvar sin variant. Lengst frå Aasen stod Fjørtoft, som argumenterte for direkte samsvar mellom skrift og daglegtale, sjølv skreiv han på sin sunnmørsdialekt. Den fyrste offisielle landsmålsrettskrivinga frå 1901 var likevel stort sett i samsvar med Aasens landsmål.

Det var fyrst med samnorskpolitikken at normeringa av landsmålet tok ei anna lei. Tanken var ved gradvise endringar i dei to skriftspråka å samle seg om éin samnorsk normal. Den fyrste reforma i denne retninga var rettskrivinga av 1907 for riksmål. Dette var rett nok hovudsakleg ei reform av dansk skriftspråk i retning av det dansk-norske talemålet, men hovudarkitekten bak denne reforma, Moltke Moe, såg sjølv dette som det fyrste steget på vegen mot samnorsk. Deretter følgde 1910-rettskrivinga i landsmålet og 1917-rettskrivingane i både landsmål og riksmål. Alle desse reformene var relativt varsame i høve til det som skulle kome, ikkje minst fordi dei mest radikale endringane var valfrie.

Den moderne forma av nynorsk vart til gjennom rettskrivingsendringane av 1938 og 1959. Den mest markante endringa var at skrivemåten av ei rad ord er endra. Mest merksemd har nok likevel det at det såkalla i-målet vart fjerna frå læreboknormalen fått. Dei aller fleste endringane av skrivemåtar og bøyingsmønster vart gjort for å kome i samsvar med anten tradisjonelt bokmål eller nye samnorskformer i bokmål.

Som ein konsekvens av desse reformene har nynorsknormalen no alternative skrivemåtar og bøyingsmønster for mange ord. I utgangspunktet vart dette gjort for å kunne få til ein gradvis overgang til dei nye formene, men etter kvart har mange sett på valfridomen i seg sjølv som eit gode, fordi det gjev høve til å velje former som ligg nærare sitt eige talemål, ikkje ulikt Fjørtofts syn. Mot dette har andre vidareført Aasens syn på einskap, kontinuitet og indre struktur.

Fram til Rettskrivinga av 2012 hadde den nynorske skriftnormalen to nivå: hovudformer som skulle brukast i lærebøker og av det offentlege (læreboknormalen), og sideformer som var tillatne i elevarbeid og offisielt blei rekna som korrekte. Ved denne siste rettskrivingsreformen blei ein del sideformer tekne ut medan andre blei likestilte med hovudformer.[9]

Nynorsk samanlikna med bokmål[endre | endre wikiteksten]

Ordformer[endre | endre wikiteksten]

Det ein ofte fyrst tenkjer på når ein samanliknar nynorsk og bokmål, er iaugefallande skilnader som ordformene eg og ikkje i motsetnad til jeg og ikke. Som mange slike frekvente ord finst desse i mange variantar i dialektane, for eksempel e(g)/æ(g), (e)i, je og ikkje, inte/ente, itt(e). Skilnaden mellom bokmål og nynorsk er at medan bokmål hovudsakleg har henta formene frå det danske skriftspråket eller det dansk-norske talemålet, er formene i det nynorske standardspråket henta frå Aasens (re)konstruerte grunndialekt, og såleis meint å representere alle dei ulike dialektformene.

Eit eksempel er formene hovud og hode som i dialektane òg kan heite håve, hau(d), høvv, huvvu, huggu, hue og fleire. D-en i grunnforma hovud er for det meste stum, bortsett frå i sunnmørsforma haud. Vokalen o har ofte ein open uttale, det vil seie å eller ø, og dette finn vi i det sørvestlandske håve og det trondheimske høvv. Ein slik open o kan òg bli til kort vokal som i høvv, huvvu og huggu. De to siste formene har behalde endevokalen u og denne har påverka o-en ved jamning. Elles kan trykklette endevokalar svekkast til e som i håve og austlandsforma hue, eller forsvinne heilt (apokope) som i høvv. Vidare er v etter kort vokal i nokre dialektar herda til g som i huggu, medan v-en i andre tilfelle har falle bort som i den samandregne forma hau(d). Bokmålsforma hode kjem på si side direkte frå det dansk-norske koinéspråket, truleg som eit kompromiss mellom det danske hoved og det norske hue. Ei anna side av saka er at både hode og andre former frå vårt største standardspråk no breier seg i dialektane, truleg på grunn av bokmålet sin dominans og prestisje.

Eit anna eksempel er formene hol og hull. Igjen har vi en open o som forklarer dialektformene hål, høl og håll. Bokmålsforma kjem på si side frå den danske skriftforma (med den skilnaden at ein i dansk rettskriving forenklar doble konsonantar i slutten av ord: hullet, men et hul).

Tre kjønn[endre | endre wikiteksten]

Med unnatak av bergensk, har dialektane og det nynorske standardspråket tre kjønn. Kjønna er inherente kategoriar hos substantiva, som har eigne bøyingsmønster for kvart kjønn. I bokmål er hokjønn valfritt, alle hokjønnsord kan òg vere hankjønn og bøyast deretter. Nokre av desse er vanlegast med hokjønnsbøying, for eksempel jenta og kua, mens andre ofte får hankjønnsbøying, for eksempel kvinnen og dronningen. Nokre ord er vanlege i begge former, for eksempel boka eller boken.

I bokmål skil hankjønn og hokjønn seg frå kvarandre berre i eintal, for eksempel reven og løva. Nynorsk skil òg i fleirtal: revar/revane og løver/løvene. Dette skiljet blir uttrykt på ulike måtar i dialektane, for eksempel reva/revan(e) til skilnad frå løve/løven(e), revær/revane til skilnad frå løver/løvene eller rever/reva til skilnad frå løver/løvene.

Det som karakteriserer eit grammatisk kjønn, er likevel ikkje substantivbøyinga, for kvart kjønn kan ha fleire bøyingsmønster. Det avgjerande er at kjønnet styrer bøyinga av andre ord som kongruerer eller blir samsvarsbøygde med substantivet. Dette gjeld determinativ og adjektiv. For eksempel determinativa ein, eigen og min og adjektivet liten: ein liten rev, min eigen rev men ei lita løve, mi eiga løve. Igjen kan det nøyaktige uttrykket vere ulikt frå dialekt til dialekt, for eksempel en liten rev, min egen rev men e lita løve, mi ega løve eller ein liten rev, min eigen rev men ei liti løve, mi eigi løve.

I bokmål brukar mange hankjønnsformene av determinativ og adjektiv òg i hokjønn, slik at ein i praksis har to kjønn som i riksmål og dansk. Det vil seie at sjølv om ein brukar a-ending i løva, skriv ein i konservativt bokmål en liten løve, min egen løve. Det einaste unnataket er når min, din eller sin kjem etter eit substantiv med a-ending, det heter alltid løva mi, ikkje *løva min. Elles er hokjønnsformer som ei, lita, mi og eiga blant dei fremste kjenneteikna på såkalla radikalt bokmål.

Stumme t-ar[endre | endre wikiteksten]

Perfektum partisipp og preteritum i nokre verbklasser endar på bokmål på -et. Aasen hadde opphavleg med denne t-en i landsmålsnormalen, men sidan han er stum i dialektane, vart han stroken alt i den fyrste offisielle rettskrivinga frå 1901. Eksempel er bokmålsformene skrevet og hoppet som i nynorsk skriftspråk heitte skrive og hoppa. Den siste forma er òg tillaten i bokmål.

Bruk av språket[endre | endre wikiteksten]

I 2005 kartla TNS Gallup talet nynorsk- og bokmålsbrukarar på oppdrag frå Riksmålsforbundet.[treng kjelde] Dei kom fram til at 7,5% av nordmennene bruker berre nynorsk når dei skriv, og at 5,5% bruker begge målformene. Desse reelt tospråklege kan reknast som nynorskbrukarar, sidan stort sett berre folk som har nynorsk som hovudmål er reelt tospråklege. I følgje denne undersøkinga er det blant fylka i Noreg berre i Sogn og Fjordane nynorskbrukarane er i fleirtal – også om vi reknar brukarar av begge målformene som nynorskbrukarar. Spørsmålet intervjuobjekta fekk, var: «Når du skal skrive i private sammenhenger – benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge former omtrent like mye?» Sidan år 2000 er det berre Riksmålsforbundet som har drive med slik kartlegging av talet nynorskbrukarar. Språkrådet (som den gongen heitte Norsk språkråd) tinga ei slik undersøking seinast i 1995.

Støtta til nynorsken er likevel breiare enn denne undersøkinga viser. Det syner ei meiningsmåling offentleggjord 6. november 2006 der eit representativt utval av innbyggjarane i Møre og Romsdal vart spurde om dei vil at administrajonsmålet til fylket framleis skal vere nynorsk. Det var klart fleirtal for dette.[10]

Den vanlege måten å sjå dette på, er likevel å rekne talet på kommunar i eit fylke som har nynorsk eller bokmål som administrasjonsspråk, eller som er språknøytrale. Da byggjer ein ikkje på meiningsmålingar med dei feilkjeldene desse alltid har, men på offentleg statistikk. I Møre og Romsdal er til dømes 23 kommunar nynorskkommunar, 13 er nøytrale og berre to er bokmålskommunar. Fylket har derfor nynorsk som administrasjonsspråk. Også om ein ser på talet på elevar i nynorske grunnskulekrinsar mot bokmålskrinsar, er det fleirtal for nynorsk i Møre og Romsdal. Da er talet 55% mot 45% i bokmålskrinsar. Også her kan ein byggje på offisiell statistikk i staden for meiningsmålingar, og opplæringsmålet i skulekrinsar vert avgjort i målrøystingar der det har vore reist krav om det.

Etter reglane i mållova er nynorsk fleirtalsmålform i fire fylke: Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Nynorsk i skulen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Nynorsk i grunnskulen.

I dag (pr. 1. oktober 2012) nyttar 77 411 elevar i grunnskulen (1.–10. trinn) nynorsk, medan 533 579 elevar har bokmål som hovudmål. Av den totale elevmassen som har norsk som morsmål utgjer delen nynorskelevar 12,67 %.

Dei aller fleste av desse, 88,8 %, er elevar i dei fire vestlandsfylka, men sjølv på Vestlandet er nynorskelevane i mindretal då 41,0 % nyttar nynorsk. Dette er grunna det store talet på bokmålselevar i og kring Bergen, Stavanger og dei andre vestlandsbyane. På det sentrale Austlandet, langs kysten av Sørlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg finst det praktisk tala ikkje nynorskelevar. På Austlandet og Sørlandet er dei lokalisert til desse regionane: Nord-Gudbrandsdalen, Valdres, øvre Hallingdal, Vest-Telemark, Setesdalen og Indre Agder.

Ordnar ein landsdelane og fylka etter prosentvise lutar nynorskelever endar ein opp med desse tala: Vestlandet (41,0 %), Sørlandet (4,1 %), Østlandet (2,4 %), Trøndelag (0,07 %), Nord-Norge (0,02 %) – Sogn og Fjordane (97,4 %), Møre og Romsdal (51,5 %), Hordaland (38,8 %), Rogaland (24,0 %), Oppland (18,2 %), Telemark (10,7 %), Aust-Agder (5,4 %), Vest-Agder (3,3 %), Buskerud (2,8 %).

Om ein rangerer fylka etter talet nynorskelevar (i absolutte tal) blir rekkjefylgja vesentleg endra: Hordaland (23 948), Møre og Romsdal (16 891), Rogaland (14 120), Sogn og Fjordane (13 815), Oppland (4006), Telemark (2136), Buskerud (912), Aust-Agder (779), Vest-Agder (744). (Alle tala for skuleåret 2012-13 > gsi.udir.no/tallene)

Status for nynorsk[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjesokn i Nord-Trøndelag var blant dei fyrste som tok i bruk nynorsk som kyrkjespråk. I dag brukar om lag 10 % av sokna i Trøndelag nynorsk liturgi.[11]

Nynorsk hadde si største utbreiing til no i tida etter innføringa av rettskrivinga av 1938, då ein tredel av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som hovudmål. Då stod målet sterkt ikkje berre på Vestlandet, men òg på indre delar av Austlandet, og store delar av Sørlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg. Det var berre på låglandet på Austlandet og Finnmark der målet i det heile ikkje fekk fotefeste. Nynorsk fekk heller ikkje innpass i byane kring kysten og landet elles, noko som kan ha medverka til at målet fekk ein kraftig attergang etter krigen.

Frå 1950-talet minska delen nynorskelevar kraftig til han stabiliserte seg på om lag 17% frå 1970-talet til utpå 1990-talet. Nynorsken forsvann ut att som skulemål der han kom seinast inn, og ikkje hadde støtte i bruk utanom skulen. Sentraliseringa i samfunnet er òg ein viktig grunn til minkinga. Nynorsken står nå attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet. Sidan midt på 1990-talet har det vore ei jamn attergang på om lag 0,2 prosentpoeng pr år, særleg i distrikta kring byane på Vestlandet og i Aust-Telemark har målet mista oppslutnad i desse åra. I heile landet har ein av åtte elevar (12.6%) nynorsk som opplæringsmål i grunnskulen (2012).

Nynorskbrukarar som jobbar i norsk næringsliv har i regelen få opningar for å bruke nynorsk, men må bruke riksmål/konservativt bokmål (eller engelsk) der tekstane skal brukast eksternt eller representere firmaet. Dette betyr at det enno blir utøvd mykje strukturell tvang i retning av riksmål/konservativt bokmål. Statistikkar som viser til fordelinga av nynorsk og bokmål må tolkast ut frå den strukturelle tvangen som blir utøvd i norsk næringsliv.[treng kjelde]

Nynorsken er likevel meir synleg i samfunnet under eitt i dag enn han nokon gong har vore, særleg gjennom bruk i NRK fjernsynet. I TV 2 brukar dei òg ein del nynorsk, men mest munnleg. Han er òg bruka i rimeleg grad av somme store regionsaviser, medan dei største riksavisene framleis har eit faktisk forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Dette gjeld VG, Dagbladet og Aftenposten. Derimot har desse riksavisene opna for nynorskskrivande journalistar: Vårt Land, Nationen, Dagsavisen og Klassekampen. I dataverda finst det etter kvart stadig fleire program og verktøy på nynorsk.

Likefullt fortsetter åtaka på nynorsken, serleg frå høgresida i politikken. Dei seinare åra har det kome mange framlegg om å gjere sidemålet friviljug eller berre munleg - dette er i praksis snakk om undergraving av nynorsken sin posisjon som likesteld målform. Om ein ser nok fram i tid, uttalar fleire seg pessimistisk om framtida for målet.[12][13]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lars S. Vikør. Fakta om norsk språk. Norsk Språkråd.
  2. Språkstatistikk – nokre nøkkeltal for norsk. Norsk Språkråd.
  3. Tove Bull (2004) «Nynorsk som minoritetsspråk» – Språknytt, nr. 3-4.
  4. Arne Torp (2004) «Nordiske språk i nåtid og fortid» – i: Nordens språk - med røtter og føtter (red. Iben Stampe Sletten) – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 92-893-1042-1.
  5. Ivar Aasen (1864) Norsk Grammatik – B. T. Mallings Forlagsboghandel.
  6. 6,0 6,1 Ivar Aasen (1846) «Om en Ordbog over det norske Almuesprog samt en dertil hørende Grammatik.» – Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter i det 19de Aarhundrede, nr. 4.
  7. 7,0 7,1 7,2 Oddmund Løkensgard Hoel (1996) Nasjonalisme i norsk målstrid 1848­-1865 – Noregs Forskingsråd. ISBN 82-12-00695-6.
  8. Einar Haugen (1975) «Konstruksjon og rekonstruksjon i språkplanlegging: Ivar Aasens grammatikk.» – i: Ei bok om Ivar Aasen. Språkgranskaren og målreisaren. (red. Magne Myhren) – Samlaget. ISBN 9788252104257.
  9. Rettskrivinga av 2012, sprakradet.no
  10. [1]
  11. Aasentunet
  12. [2]
  13. [3]