Nynorsk programvare
Det finst nynorsk programvare, eller programvare lokalisert til nynorsk, for fleire operativsystem og program. Samanlikna med like store språk er nynorsk godt representert som grensesnittspråk. Denne artikkelen gjev eit oversyn.
Innhaldsliste |
Nynorsk programvare for Apple Mac OS X operativsystem[endre]
Grafiske grensesnitt/«GUIs»[endre]
Dei grafiske grensesnitta (engelsk:Graphical UserInterface: GUI) som er omhandla i GNU/Linux-delen kan i prinsippet køyrast på Mac OS X, men dette krev kompetanse innanfor datateknologi og er ikkje tilrådeleg for kvardagsbrukarar. Brukargrensesnittet Aqua, som er det vanlegaste på Mac OS X, finst berre på bokmål.
Nettlesarar[endre]
- Opera -- proprietær nettlesar frå norske Opera Software ASA
- Mozilla Firefox -- nettlesar som vert utvikla av open kjelde-kode-stiftinga Mozilla Foundation. Vidareføring av nedanfornemnde nettlesar
- Camino -- nettlesar som baserer seg på same kodebase som Mozilla-programma, men er laga spesielt for Mac OS X, og har som mål å vera optimalisert for plattforma
- Nettlesardelen av den eldre Mozilla-pakka -- eldre nettlesar som baserer seg på kjernen frå Netscape Navigator
E-post-klientar[endre]
- E-post-delen av Opera
- Mozilla Thunderbird -- vidareføring av nedanfornemnde e-post-klient
- Correo -- e-post-klient som baserer seg på same kodebase som Mozilla-programma, men er laga spesielt for Mac OS X, og har som mål å vera optimalisert for plattforma
- E-post-delen av den eldre Mozilla-pakka, som tilsvarar eldre versjonar av e-post-klientane frå Netscape
Kontorpakkar[endre]
- OpenOffice.org -- database, presentasjon, teksthandsaming med meir utvikla som open kjeldekode med stønad frå det amerikanske firmaet Sun Microsystems
- NeoOffice -- baserer seg på OpenOffice.org, men har til mål å vera betre integrert med brukargrensesnittet Aqua, som er det vanlegaste på Apple Macintosh-datamaskinar
- AbiWord -- teksthandsamar. Open kjeldekode
- LyX (teksthandsamar for LaTeX). Open kjeldekode
Nynorsk programvare for GNU/Linux-operativsystem[endre]
Fleire typar GNU/Linux[endre]
- Debian GNU/Linux er ein GNU/Linux-distribusjon som fokuserer på å vera for det meste fri programvare, og er populær mellom meir avanserte GNU/Linux-brukarar.
- Fedora GNU/Linux er ein annan populær GNU/Linux-variant som stammar frå den tidlegare distribusjonen Red Hat Linux (som vidareutviklast som tenardistribusjon og distribusjon for profesjonelle arbeidsstasjonar).
- Ubuntu er ein GNU/Linux-distribusjon som er kjend for å vera lett å setja opp og nytta.
- Skulelinux er den mest kjende norske GNU/Linux-distribusjonen. Den har vorte kjend gjennom at mange skular i Noreg ønskte å byte frå Windows til Skulelinux for å spare pengar og tilby elevane med nynorsk som hovudmål digitale læremiddel på eige språk.
Grafiske grensesnitt[endre]
- KDE er eit grafisk skrivebordsmiljø som opphavleg tok sikte på å emulera det proprietære skrivebordsmiljøet CDE, som fanst utelukkande på proprietære UNIX-system, men har etter kvart utvikla seg til å verta betre og meir funksjonelt enn programvara det ville «kopiera». Byggjer på bibiloteket Qt frå det opphavlege norske programvarefirmaet Qt Software, som er sleppt under ein multi-lisens der den frie utgåva er sleppt under LGPL; det har difor vore ein del kontroversar i fri programvare-miljø om KDE eigentleg kan seiast å vera fri programvare
- GNOME er eit grafisk skrivebordsmiljø som i hovudsak vert utvikla av miljøet kring Free Software Foundation og GNU, og tek sikte på å vera heilt fritt
- XFCE er eit fritt skrivebordsmiljø som har til mål å vera mindre ressurskrevjande enn dei to som er nemnde ovanfor
Nettlesarar[endre]
- Opera
- Mozilla Firefox
- Nettlesardelen av den eldre Mozilla-pakka
- Konqueror -- filutforskar og nettlesar for KDE-skrivebordsmiljøet
- Galeon -- ein del av GNOME-skrivebordsmiljøet
E-post-klientar[endre]
- E-post-delen av Opera
- Mozilla Thunderbird
- E-post-delen av den eldre Mozilla-pakka
- KMail -- ein del av KDE-skrivebordsmiljøet
Kontorpakker[endre]
- OpenOffice.org
- StarOffice -- den proprietære utgåva av programvarepakka Openoffice. Har fleire funksjonar og betre støtte for aust-asiatiske språk.
- GNOME Office kontorpakke som består av skriveprogrammet AbiWord, reknearket Gnumeric samt databaseverktøyet GNOME-DB. Programma er lausare integrert med kvarandre enn andre pakker. Mange ser difor på dei som sjølvstendige program.
- KOffice -- kontorpakke, med KWord (teksthandsamingsverktøy), KSpread (rekneark), KPresenter (presentasjonsverkøy), Kexi (database), Kivio (teikneverktøy for flytdiagram), Karbon14 (teikneverktøy for vektorgrafikk), Krita (biletehandsamingsverktøy), KPlato (prosjektplanleggingsverktøy), KChart (grafikkverktøy), Formula (matematikkeditor) og Kugar (rapportgenerator).
- LyX (teksthandsamar for LaTeX).
Nynorsk programvare for Microsoft Windows operativsystem[endre]
Grafiske grensesnitt[endre]
Brukarar med lisensierte kopiar av Microsoft Windows XP, Windows Vista og Windows 7 kan lasta ned nynorske språkgrensesnittpakker (LIP) for programvara gratis. Pakkene kan installerast over bokmålsversjonen av operativsystemet. Nytt i Windows 7 er at språkpakka for nynorsk òg kan installerast på 64-bitars Windows. I Windows Vista og Windows 7 må språkpakka for bokmål installerast fyrst om Windows er på eit anna språk.
Microsoft har også gjeve ut språkgrensesnittpakker for Office 2003 og Office 2007. Nynorsk stavekontroll fylgjer med bokmålsversjonen og er ikkje naudsynleg å installera for seg.
Nettlesarar[endre]
- Internet Explorer 7
- Opera
- Mozilla Firefox
- Nettlesardelen av den eldre Mozilla-pakka
E-post-klientar[endre]
- E-post-delen av Opera
- Mozilla Thunderbird
- E-post-delen av den eldre Mozilla-pakka
Andre kommunikasjonsprogram[endre]
- Skype er eit telefoni-, SMS- og direktemeldingsprogram.
Kontorpakkar[endre]
- Microsoft Office 2003 og Office 2007 språkgrensesnittpakker på nynorsk inkluderer grensesnitt, ordliste, stavekontroll, orddelings- og korrekturverktøy.
- OpenOffice.org er ei gratis kontorpakke.
Utviklarverktøy[endre]
- Notepad++ er ein teksteditor, meint som eit kraftigare alternativ til Windows Notepad.
Nynorsk programvare for proprietære UNIX operativsystem eller frie BSD-variantar[endre]
Dei fleste av programma som er nemnde for GNU/Linux kan òg køyrast på desse systema. Dette gjeld særleg Sun Solaris og dei frie BSD-variantane FreeBSD, NetBSD og OpenBSD.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Nynorsk.no si liste over nynorsk programvare
- Språkrådet si liste over nynorsk programvare
- Programvare.info - oversyn over ein del tilgjengeleg programvare, tenester og nettsider på norsk
- Nynorsk språkpakke for Windows Vista
- Nynorsk språkpakke for Windows XP
- Nynorsk språkpakke for Microsoft Office 2007
- Nynorsk språkpakke for Microsoft Office 2003
- Nynorsk språkpakke for Internet Explorer 7 for XP
- Heimesidene til Debian-prosjektet
- Heimesidene til Skolelinux-prosjektet
- Heimesidene til Fedora-prosjektet
- Heimesidene til Ubuntu-prosjektet
- Heimesidene til Firefox og andre Mozilla-produkt
- Heimesidene til skrivebordsprosjektet GNOME
- Heimesidene til skrivebordsprosjektet KDE
- Heimesidene til skrivebordsprosjektet XFCE
- Heimesidene til nettlesaren Opera
- Last ned nynorsk språkfil for Skype
- Last ned nynorsk språkfil for Notepad++
- Heimesidene til programvarepakka OpenOffice.org
- Heimesidene til teksthandsamingsprogrammet AbiWord
- Heimesidene til teksthandsamingsprogrammet LyX
- Heimesidene til KOffice-prosjektet
- Heimesidene til FreeBSD-prosjektet
- Heimesidene til NetBSD-prosjektet
- Heimesidene til OpenBSD-prosjektet