Nyrøysa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyrøysa
røys
Land  Bouvetøya
Koordinatar 54°24′40″S 3°16′48″E / 54.411°S 3.28°E / -54.411; 3.28
Kart
Nyrøysa
54°24′24″S 3°17′16″E / 54.4067993°S 3.2878372°E / -54.4067993; 3.2878372

Nyrøysa er eit område på nordvestkysten av den norske øya Bouvetøya i Søratlanteren.

Nyrøysa er den største isfrie staden på øya og vart danna mellom 1955 og 1958 av ei rasmorene. Nyrøysa er ca 700 meter lang og med ei gjennomsnittshøgd på mellom 25 og 40 meter. Overflata er ujamn og består av steinblokker, lavastein og grus. Erosjon har gjort at Nyrøysa har mista 50-100 meter land i perioden 1966-1979, og 6-9 meter forsvann i perioden 1996-1999.[1]

Alle forskingstokt til Bouvetøya i seinare tid har vore basert på Nyrøysa, sidan dette området er den mest tilgjengelege delen av øya. Norsk Polarinstitutt sette i 1996 opp ein feltstasjon på 36m² på i Nyrøysa. 19. oktober 2007 meldte Norsk Polarinstitutt at feltstasjonen var borte. I 2006 var det eit jordskjelv i havet utanfor som vart registrert til 5,5 på Richters skala av European-Mediterranean Seismological Centre i Strasbourg i Frankrike. Ei mogeleg årsak til at feltstasjonen vart borte er at jordskjelvet har svekket barduneringa og fundamenteringa og at ekstreme vinterstormar kan ha blese feltstasjonen på havet.[2] I statsbudsjettet for 2009 var det sett av 8,8 millionar for å sette opp ein ny feltstasjon.

Fem arter av mose, fem lav, ein sopp og 20 algar har vore registrert i Nyrøysa.[1]

Pelsselkolonien i Nyrøysa auka frå ca. 7 900 individ til ca. 65 000 individ mellom 1990 og 1997. Etter dette har utviklinga stabilisert seg, truleg på grunn av mangel på eigna areal. I same perioden var det ein bestandsnedgang i pingvinkoloniane, der spesielt ringpingvinen er utsett. I 1990 vart det registrert høvesvis 2 700 og 5 900 ring- og gulltoppingvin. I 1997 var talet redusert til 422 og 4 700. Endringane i pingvinbestandane kan ein truleg sjå i samanheng med den store auken i pelsselbestanden, der pelsselen har overtatt territoriet til pingvinane. Pelsselbestanden i heile Antarktis er i vekst, og bestanden synes å ha kome seg etter selfangsten tok slutt.[3]

I perioden frå 1. november til 15. mars skal ferdsel og opphald i Nyrøysaområdet berre skje i samband med miljøovervakingsverksemda godkjent av Norsk Polarinstitutt. I perioden frå 1. november til 1. mai skal luftfartøy halde ein vertikal og horisontal avstand på 500 meter til Nyrøysaområdet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Bouvetøya (Bouvet Island) Nature Reserve». BirdLife International. Henta 12. desember 2012. 
  2. «Norsk feltstasjon tatt av naturkreftane ved Antarktis». Norsk Polarinstitutt. Henta 12. desember 2012. 
  3. «Bouvetøya». Miljøstatus i Norge, Statens forurensningstilsyn. 25. januar 2008. Henta 12. desember 2012. 
  4. «Forskrift om ferdselsbegrensning i Nyrøysaområdet på Bouvetøya». Miljøverndepartementet, avdeling for internasjonalt samarbeid. 24. juni 2005. Henta 15. desember 2008.